Hopp til innhald

GE413 Kartlære og GIS

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet startar med ei innføring i kartgeometri, grunnlag for kartkonstruksjon og kartprojeksjonar. Dette inkluderer 3 øvingar som dekker praktisk bruk av kart og kompass samt grunnleggande leseferdigheter og informasjonssøk i både analoge og digitale kart. I GIS-delen får studentane ei grundig innføring i grunnleggande komponentar i vektor- og rasterbasert GIS, og kva det kan nyttast til. Relevante problemstillingar innan naturfag og planlegging, som temakart og analyse av romlige variasjonar vil bli vektlagd. Studentar får opplæring i bruk av online kartressursar og av fysiske data. 8 av tilsamen 11 øvingar vil bli gjennomført i programvaren QGIS.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • ha grunleggjande kunnskap om topografiske og tematiske kart, kartprojeksjonar og koordinatsystem
  • ha kjennskap til prinsippene for geografiske informasjonssystemar (GIS)
  • ha oversikt over analysemuligheiter ved bruk av geografiske informasjonssystemar (GIS)

Ferdigheiter

  • kunne bruke kart og kompass
  • kunne bruke online GIS-ressursar
  • kunne gjennomføre feltregistreringar ved hjelp av GPS og apper på mobil, og i tillegg overføre slike data til digitale kart (QGIS)
  • kunne lage og bearbeide digitale kart i QGIS
  • kunne utføre nokon vanlege analyser i QGIS

Generell kompetanse

  • forstå og vite korleis ein kan nytte GIS i aktuelle problemstillingar i kartlegging, fysisk planlegging og analyser

Krav til forkunnskapar

Ingen  

Tilrådde forkunnskapar

Basiskunnskapar i bruk av PC og filbehandling

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, obligatoriske øvingar og 1 dagsekskursjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

11/ 11 godkjende øvingar

Deltakelse på feltekskursjon

Vurderingsform

Deleksamen 1: Heimeeksamen i grupper (40%) Deleksamen 2: Skriftleg eksamen (60% vekt). Bokstavkarakter A-F.

Kvar enkelt deleksamen må vere greidd for å oppnå greidd resultat i emnet. Dersom deleksamen og dermed endeleg karakter ikkje er greidd kan ein ta opp att berre den deleksamenen som er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Del 1: Alle hjelpemidlar er tillatt.

Del 2: Linjal er tillatt som hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel