Hopp til innhald

GK303 Global kulturkunnskap

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Studentane får undervisning i global og landspesifikk kunnskap knytt til historie, politikk, økonomi, religion, kultur og utdanning. Interkulturell kommunikasjon knytt til kjønn og status i ulike samfunn vert vektlagt spesielt.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten 

  • skal ha kunnskap om Nord-Sør perspektiv og global og lokal dialektikk
  • skal ha kunnskap om ulike typar samfunn og kulturar med særleg vekt på tradisjonelle og høgmoderne samfunn

Ferdigheiter

Studenten 

  • skal kjenne til andre mennesker sine strukturelle rammer, relasjonar og kommunikasjonsmønstre
  • skal kunne utveksle synspunkt om sentrale kulturelle problemstillingar i eit Nord-Sør perspektiv

Generell kompetanse

Studenten 

  • skal kunne reflektere over globale perspektiv med særleg fokus på norsk og afrikansk kontekst
  • skal ha innsikt i eigne og andre sine forståingshorisontar og verdssyn

Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng høgare utdanning

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vekslar mellom førelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og student presentasjonar. 

Obligatorisk læringsaktivitet. 

Studentane må rekne at deler av undervisninga er obligatoriske. Dette kan til dømes vere undervisningsøkter med gruppediskusjonar, oppgåveskriving eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte  i desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråver blir å rekne som ikkje godkjent. 

Obligatorisk læringsaktivitet

  •  Aktiv deltaking i dette emnet er ei forutsetning for å ta emnet GK304 eller GK305.
  • Studenten skal ha minst ein presentasjon på engelsk

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen. Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel