GK305 Fleirkulturell praksis
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Fleirkulturell praksis har hovudfokus på praksis og prosjektarbeid i Zambia, men alternativ praksis i andre afrikanske land kan òg vere aktuelt.
- Praksis på eit felt som er relevant for studentane sin profesjon
- Datainnsamling og prosjektarbeid. Tema for prosjektet skal godkjennast av rettleiar
- Individuell refleksjon og skriving av prosjektoppgåve
- Samfunnsvitskapleg metode og kritisk tenking er sentrale arbeidsmåtar
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om samfunnsvitskaplege metodar i ein ny kulturell kontekst
- har kunnskap om internasjonalt sosialt arbeid
- kan samle inn og bruke relevant fagleg kunnskap i ulike faglege samanhengar både munnleg og skriftleg
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke eigen profesjonskunnskap i ein ny kulturell kontekst gjennom respekt og toleranse for menneske frå andre kulturar
- kan samhandle og kommunisere verbalt og nonverbalt med menneske frå ulike kulturar
- kan bruke samfunnsvitskaplege metodar og skrive ei praksisnær prosjektoppgåve
- kan samhandle på tvers av ulike profesjonar
Generell kompetanse
Studenten
- kan overføre profesjonskunnskap og erfaringar frå afrikansk til norsk kontekst
- kan utvide eigen forståingshorisont i møte med andre menneske og reflektere kritisk over eigen kulturell ståstad i møte med andre
Krav til forkunnskapar
Opptak på Global kulturkunnskap, og aktiv studierett på bachelor i barnevernpedagogikk, sosialt arbeid eller vernepleie.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisningsformene er knytt til praksis i ein annan kultur, diskusjon med medstudentar under opphald i utlandet og samarbeid med medstudentar og rettleiarar. Sjølvstendig arbeid både i praksis, med datainnsamling og oppgåveskriving krev sjølvdisiplin og tilpassingsevne i ein ny kulturell kontekst.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere bestått for å kunne framstille seg til eksamen:
1. Studentane må aktivt delta på introduksjonsprogram.
2. Obligatorisk deltaking på seminar og rettleiing.
3. Gjennomført og godkjend praksis (inkludert før- og etterarbeid).
4. Innsamling av data til prosjektoppgåve.
Vurderingsform
Individuell prosjektoppgåve. Ca 6000 ord.
Vurderingsutrykk:
Bokstavkarakter A-F, der F er strykkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel