ID3-103 Undervisningslære
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
- Kva er pedagogikk, didaktikk og fagdidaktikk?
- Leik - fysisk aktivitet - kroppsøving
- Lærarrolla i kroppsøvingsfaget
- Planleggingsarbeid
- Undervisningsmetodar, arbeidsmåtar og undervisningsprinsipp
- Tilpassa opplæring i kroppsøvingsfaget
- Vurdering i kroppsøvingsfaget
- Trivsel, motivasjon og læringsklima
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om kroppsøvingslæraren sine ulike oppgåver og roller
- har kunnskap om samanhengen mellom læringsmiljø og motivasjon i kroppsøving
- har kunnskap om vurdering i kroppsøvingsfaget
- har kunnskap om tilpassa opplæring og korleis legge til rette for gode læreprosessar i kroppsøvingsfaget
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for og drøfte samanhengar mellom erfaring i undervisningssituasjonar og faglitteratur
- kan reflektere over og drøfte kroppsøvingslærarrolla opp mot faglitteratur
- kan gjennomføre praktiske undervisningsøkter saman med medstudentar
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngi undervisning i kroppsøving ut frå gjeldande læreplan og tilpassa opplæring
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga blir organisert som førelesing- og seminartimar med både gruppe- og individuelt arbeid. Emnet blir gjennomført med ei blanding av teoretiske og praktiske timar. I studentstyrt undervisning er det studentane som har leiingsansvaret for å få erfaring med planlegging, gjennomføring og refleksjon av undervisning. Obligatoriske læringsaktivitetar vert gitt oversikt over ved studiestart.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Emnet består av obligatoriske læringsaktivitetar i form av studentstyrt undervisning. Det er obligatorisk frammøte til denne undervisninga.
- To arbeidsoppgåver knytt til planlegging, gjennomføring og refleksjon i samband med studentstyrt undervisning
- Obligatorisk deltaking og arbeidsoppgåver knytt til seminartimar
Vurderingsform
Individuell skriftleg heimeeksamen. Tid: Tre dagar. Gradert karakter (A-F), der F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel