ID3-105 Treningslære
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Treningslære har både teoretisk og praktisk undervisning (grunntrening).
Teoriundervisninga omhandlar tema som treningsmetodar i uthald, styrke, spenst, hurtigheit, rørsleevne, og mental trening. I tillegg vil prestasjonsbestemmande faktorar og treninga si verknad på desse faktorane, treningsgjennomføring, testing, kosthald og treningsplanlegging vere sentralt.
Grunntreninga eksemplifiserer teoretiske tema og gir eksempel på utføring av trening for å betre uthald, styrke, spenst, hurtigheit og rørsleevne.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om sentrale prinsipp og metodar for trening og treningsplanlegging
- har kjennskap til og kan forklare grunnleggande modellar, prinsipp og metodar for mental trening
- kan forklare prestasjonsbestemmande faktorar og treninga si verknad på desse faktorane
- kan forklare verknaden av ulike treningsmetodar
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjennomføre og vurdere treningsmetodar for uthald, styrke, spenst, hurtigheit og rørsleevne
- kan gjennomføre utvalde testar
- kan bidra i planlegging og utforming av eit mentalt treningsopplegg til ein utøvar eller eit lag
Generell kompetanse
Studenten
- kan forklare grunnleggande omgrep og teoriar nytta i treningslære
- kan forklare særtrekka ved omgrepa uthald, styrke, spenst, hurtigheit, rørsleevne og mental trening
- kan forklare korleis ulike faktorar påverkar vår prestasjonsevne
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Teoretisk og praktisk gjennomgang av fagstoffet ved førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Obligatoriske læringsaktivitetar vert gitt oversikt over ved studiestart.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Emnet består av obligatoriske læringsaktivitetar i form av grunntrening. Det er obligatorisk frammøte til denne undervisninga.
- To gruppearbeid
- Kafedialog
- Treningslærelogg
Vurderingsform
Skriftleg individuell eksamen. Eksamenstid: Fem timar. Gradert karakter (A-F), der F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel