ID3-206 Friluftsliv: bre, fjell og naturkjennskap
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Gjennom teoretisk og praktisk undervisning skal studentane tileigne seg basiskunnskap om geologi, biologi og brelære. I vegetasjonslæra blir det fokusert på kva som veks i dei ulike vegetasjonssonene i fjellet samt kunnskap om enkelte planter, tre, lav og mosar. I geologien blir det lagt vekt på landskapsutvikling og landformer i Noreg, indre og ytre geologiske prosessar og kunnskap om brear og bretypar.
I friluftslivsundervisninga blir det lagt vekt på kunnskap om ferdsel på bre, kajakk- og kanopadling, livredning i vatn med HLR-prøve og basisfriluftsliv med turplanlegging, leirliv og utstyrslære.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om viktige mineral og bergartar
- har kunnskap om sentrale landskapsformer i regionen og innsikt i ytre geologiske prosessar
- har kunnskap om karakteristiske planteartar og vegetasjonstypar i regionen
- har kunnskap om ulike økosystem i regionen
- har kunnskap om brelære
- har kunnskap om grunnleggande friluftsliv som kjenneteiknar nærmiljøet i regionen, t.d. i fjellet og på fjorden
Ferdigheiter
Studenten
- kan ferdast med kano og kajakk
- kan anvende grunnleggande ferdigheiter knytt til ferdsel på bre, som t.d: alpine farer, stegjernsteknikk på blåis, innbinding i taulag, vegval på blåis og kameratredning bre
- kan utføre livreddande førstehjelp, HLR
- kan utøve basisfriluftsliv med turplanlegging, leirliv og utstyrslære
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge,utøve og evaluere sikker ferd i ulike naturmiljø
- kan formidle kunnskap om natur med utgangspunkt i fagfeltet friluftsliv
Krav til forkunnskapar
Fullført Idrett årsstudium eller anna relevant utdanning.
Tilrådde forkunnskapar
Vere førebudd på overnatting ute og kunne bere eige utstyr på ekskursjonar.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, studentpresentasjonar, ekskursjonar og praktiske øvingar for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Lærestoffet skal så langt som råd bli integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Fagblogg blir brukt i samband med ekskursjonar.
Ekskursjonar
- Kano- og kajakktur, tre - fire dagar
- Naturkjennskap, tre enkeltdagar
- Breundervisning (del 1 av NF-grunnkurs bre), fire - fem dagar
- Fjelltur, seks dagar
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om mineral, bergartar, landeformar, vegetasjon, brelære og grunnleggande friluftsliv som kjenneteiknar nærmiljøet i regionen, t.d. i fjellet og på fjorden.
- Godkjent planlegging, gjennomføring og evaluering av ekskursjonar
- Gjennomført livredning i vatn og HLR
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
Individuell skriftleg eksamen. Tid: Fem timar. Gradert karakter (A - F). Eksamen er delt i tre delar, alle delar må vere bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel