Hopp til innhald

ID3-301 Naturguiding, klatring og havkajakk

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

I emnet skal studenten lære om naturguiding, friluftslivvegleiing, naturbasert turisme og risikohåndtering i krevjande naturmiljø. Det er hovudvekt på aktivitetane klatring og havkajakk. Campus Sogndal, Sognefjorden og fjella i regionen blir nytta som arena i undervisninga. Studiet har fleire obligatoriske ekskursjonar.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om naturguiding som ein del av friluftslivvegleiinga
  • har kunnskap om turisme og naturbasert turisme
  • har kunnskap om risiko og risikohåndtering av ulike friluftslivsaktivitetar i krevjande naturmiljø
  • har kunnskap om organisering av gruppeaktivitet på lavlandsklippe ute (sportsklatring), i buldring og i havkajakk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, organisere og leie ulike friluftslivsaktivitetar i krevjande naturmiljø 
  • har grunnleggande eigenferdigheiter i sportsklatring (lavlandsklippe ute), buldring og havkajakk
  • kan anvende lokale bruksbåtar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan rettleie/formidle/guide ei gruppe innanfor feltet friluftsliv og natur- og opplevingsbasert reiseliv
  • har gjennomført grunnkurs, teknikkurs eller aktivitetsleiarkurs i havkajakk frå kursstigen til Norges padleforbund
  • har kjennskap til myndigheitene sine krav til HMS for risikoaktivitetar

Krav til forkunnskapar

Fullført 2. år bachelor Friluftsliv eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Vere førebudd på overnatting ute og kunne bere eige utstyr på ekskursjonar.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, studentpresentasjonar, framlegging av individuelt studenttema, ekskursjonar og praktiske øvingar for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Lærestoffet skal så langt som råd bli integrert og erfart i den praktiske undervisninga.

Ekskursjonar:

  • Buldreekskursjon 1-2 dagar
  • Klatreekskursjon 4-5 dagar (enkeltdager, men må vera førebudd på overnatting)
  • Kystfriluftsliv i Solund med bruksbåt og havkajakk, 4-5 dagar (tilbod om aktivitetsleiarkurs i havkajakk, om studentane er kvalifisert)
  • Turist i eige fylke - Naturguiding og naturbasert opplevingsturisme, 3-4 dagar (Munnleg studentpresentasjon etter ekskursjon)
  • Vegledningstur, B3 planlegg og gjennomfører tur for B1 og B2 studentar, 3 dagar (skriftleg plan, gjennomføring og studentpresentasjon etter ekskursjon)

Obligatorisk læringsaktivitet

For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte innan kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse med utgangspunkt i dei ulike ekskursjonane og studenttema i emne. De obligatoriske læringsaktivitetane er;

  • Godkjent planlegging, gjennomføring og evaluering av ekskursjonar
  • Godkjent skriftleg studenttema og praktisk gjennomføring av studenttema
  • To godkjente munnlege presentasjonar 

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatoriske arbeidskrav.

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen med gradert karakter (A - F).

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel