Hopp til innhald

JU6-1002 Skatte- og avgiftsrett 2

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Innhald:

  • Formuefastsetjing i næringsversemd
  • Fastsetje skattepliktig inntekt og frådragsberettiga kostnadar i næringsverksemd
  • Utrekning av skatt for EPF, ANS og AS
  • Omdanning frå EPF til AS
  • Overdraging av verksemd
  • Likvidasjon av verksemd

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskap om skatte- og avgiftsreglar knytt til næringsverksemd
  • har kjennskap til kva transaksjonar og hendingar knytt til eigarskap og eigenkapital som kan medføre skattelegging
  • har kunnskap om skattemessig verknad av opphøyr og likvidasjon av verksemder
  • har kunnskap om fastsetting av formue for ikkje-børsnoterte aksjar og andelar i ansvarlege selskap
  • kjenner til hovudprinsippa for fastsetting av inngangsverdi for eigedeler frå gåve eller arv
  • har kunnskap om skatteplanlegging

 

Ferdigheitar:

Studenten kan

  • avgjere kva som er skattepliktige inntekter, kostnader med rett til frådrag, samt gjera korrekt tidfesting av postane for utrekninga av alminneleg inntekt i næring.
  • rekne ut skatt for personelg selskap (EPF), ansvarleg selskap (ANS), og aksjeselskap (AS)
  • fastsette grunnlag for skattelegging av aksjonærar (Aksjonærmodellen og Fritaksmetoden), deltakarar i ansvarlege selskap (Deltakarmodellen) og innehavar av enkeltpersonføretak (Føretaksmodellen)
  • skattemessig handsame omdanning frå EPF til AS
  • vurdere skattemessige verknadar ved overdraging av verksemd
  • gjere etiske refleksjonar rundt skatteplanlegging

 

Generell Kompetanse

Studenten kan

  • tileigne seg oppdatert kunnskap innanfor kunnskaps- og ferdigheitsområder nemnd ovanfor 
  • formidle sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan utveksle synspunkt og røynsle med andre fagpersonar
  • sjå emnet i ein større samfunnssamanheng

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

JU6-1001 Skatte- og avgiftsrett 1 eller JU6-1004 Skatte- og avgiftsrett for eigedomsmeklarar

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vil bli gjennomført som førelesingar med gjennomgang av teori illustrert med praktiske eksempel og oppgåveseminar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  To skriftlege innleveringar som skal løysast individuelt eller i gruppe på inntill fire personar.Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen

Ved ikkje godkjent på eit av arbeidskrava, kan det aktuelle arbeidskravet takast på nytt neste gong emnet blir gjennomført.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen 4 timar.

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Norges Lover, skattelovsamling, særtrykk av lov og forskrifter. Kalkulator.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • JU6-202 - Skatte- og avgiftsrett - Reduksjon: 2 studiepoeng
  • EM6-102 - Skatte- og avgiftsrett for eiendomsmeglere - Reduksjon: 2 studiepoeng
  • ØKB2008 - Skatte- og avgiftsrett 2 - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØBR112 - Skatte- og avgiftsrett 2 - Reduksjon: 7,5 studiepoeng