Hopp til innhald

MASA105 Risiko og marginalisering

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet tek føre seg samfunnsvitskapleg grunnlagstenking og viser korleis dette kan brukast for å forstå sosial orden, sosial deltaking og sosial utestenging. Kategorisering og sosial ordning vert knytt til ulike handlingsteoriar på individuelt og kollektivt nivå. Sosial orden og sosial deltaking er situert i tid og rom og stad. Personar og situasjonar bidreg til vilkåra for handling. Ansikt til ansikt relasjonar vert skapt og endra ut frå dei vilkåra sosiale strukturar og institusjonelle rammer til ei kvar tid gir. Motsett veg kan sosiale institusjonar og strukturar verta endra som følgje av menneska sine handlingar. For å forstå kvifor nokon ikkje får tilgang til ålment forventa arenaer, eller kvifor nokon ynskjer å endra rammer eller vilkår for eige liv, må ein tileigna seg kunnskap om korleis desse uønskte situasjonane har oppstått, og korleis dei kan endrast. Styringssystem, strukturar og kultur set seg i aktørane sine kroppar, og utgjer ein konkret og sentral del av aktørane sine handlingsvilkår.

Nærleik og avstand betyr noko for korleis skilnadene mellom folk vert tillagt vekt, for korleis "dei andre" står fram for "oss", og for korleis normalitet og avvik vert konstruert. Sosial ordning er grunna i kategorisering, sosial verdsetting og lagdeling. Sosiale fenomen og sosial mobilisering kan studerast for å få innsikt i det dialektiske tilhøvet mellom aktørar og strukturar, og for å få forståing for korleis sosial orden er ein dynamisk prosess.

Sentrale tema:

  • Analytisk tenking og akademisk argumentasjon
  • Kategorisering, verdsetting og sosial orden 
  • Majoritet og minoritet
  • Forskjell og avvik
  • Identitet, kropp og samhandling
  • Livsløp og overgangar
  • Makt - motmakt - motstand
  • Politisering

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, evner og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten...

  • har inngåande kunnskap om vilkår for sosial deltaking og om ulike årsakar til redusert deltaking (ekskludering, marginalisering, sjøvvald perifer deltaking, sjøvekskludering).
  • har kunnskap om og forståing av dei dialektiske tilhøve mellom aktør, struktur, handling og sosiale institusjonar (til dømes kjønn, familie, religion).

Evner: Studenten...

  • kan gje greie for ulike former for makt, og kan forklara korleis makt er ein dynamisk faktor i sosialt liv, korleis makt kan forståast som kunnskap og nettverk, eller som evne til ressursmobilisering.
  • kan bruka kunnskap om korleis sosiokulturelle, fysiske eller kognitive skilnader mellom folk innverkar i sosiale situasjonar, og kan gjera greie for korleis tid, rom og stad fører til at utvalde skilnader vert tillagt vekt medan andre vert ignorert.

Generell kompetanse: Studenten...

  • kan analysera og formidla korleis kategorisering er ein grunnleggande menneskelig aktivitet som skapar orden i tilværet, samstundes som det bidreg til å produsera ulikskap og hierarki.
  • kan kommunisera skriftleg og munnleg korleis kategorisering produserer meir og mindre dynamiske grenser, og i korleis grenser i seg sjølv kan produsere begjær og risikotaking.

Krav til forkunnskapar

Studierett på master i samfunnsarbeid ved HVL

Undervisnings- og læringsformer

Undervisning i emnet er i første semester. Forelesing, artikkelseminar, framlegg, få og gi kommentarar på eige og medstudentar sitt arbeid, delta i diskusjonar, gruppearbeid, gruppeøvingar, utarbeide og bruke gruppekontrakt, levere arbeidskrav via Canvas. Prosessorientert skriving, levere essay/eksamensoppgåver til rettleiing, bidra med kommentarar på medstudentar sine essays.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Eksamen

Oppgåve i form av skriftleg individuelt essay. Oppgåva skal vera på maksimalt 4500 ord med framside, innhaldsliste og litteraturliste.

Vurderingsuttrykk

Gradert karakterskala A til F, der A til E er stått karakter og F er ikkje stått.

Ny eksamen

Studentane kan skriva om oppgåva, eller levere ny oppgåve til ny eksamen