Hopp til innhald

MASA205 Forsking og evaluering i praksis

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

I dette emnet skal studentane tileigne seg grundig forståing av forsking og evaluering i praksis, knytt til samfunnsarbeid. Å sikre deltaking av dei det gjeld i forsking er sentralt i samfunnsarbeid og i dette emnet. Vektinga av deltaking er basert på etiske omsyn, og i tillegg kan deltakarperspektiva styrkja gyldighet og relevans av forsking og evaluering. All forsking tek til med å avgrense interessefeltet og formulera forskingsspørsmål. I samfunnsarbeid er case-studiar, aksjonsforsking, og prosessevaluering mykje brukt. Desse forskings- og evalueringsmetodane gjer ulike rammer for måtar å finna, skapa og analysera data på. I emnet tileignar studentane seg praktisk erfaring med forsking og evaluering. Studentane deltek i val av metodar og gjennomføring av dataproduksjon. 

Sentrale tema: 

  • Utforming av fagutviklingsprosjekt, evaluerings- og forskingsdesign i samfunnsarbeidsprosjekt 
  • Ulike former for evalueringsdesign 
  • Ulike former for deltaking i forsking, medforsking og evaluering 
  • Praktisk gjennomføring av dataproduksjon gjennom observasjon og intervju 

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, evner og 

generell kompetanse: 

Kunnskap: Studenten... 

  • har inngåande kunnskap om ulike former for evaluerings- og forskingsdesign i samfunnsarbeids- og fagutviklingsprosjekt  
  • har inngåande kunnskap om aksjonsforsking, gruppebaserte intervju og observasjonsmetodar 
  • har brei kjennskap til ulike former for deltaking i forsking, medforsking og evaluering 
  • har inngåande kunnskap om metodar for dataproduksjon gjennom observasjon og intervju 
  • har inngåande kjennskap til dei strukturelle og sosiokulturelle vilkåra for kunnskapsproduksjon generelt, og for kunnskapsproduksjon i samfunnsarbeid spesielt 

Ferdigheiter: Studenten... 

  • kan formulera faglege utfordringar og forskingsspørsmål 
  • kan planleggje og velje metode for eit fagutviklingsarbeid, evaluerings- eller forskingsprosjekt 
  • kan invitere og involvere til deltaking i forsking og evaluering 
  • kan gjennomføre dataproduksjon gjennom intervju og observasjon 

Generell kompetanse: Studenten… 

  • kan stille seg kritisk til innebygde føresetnader og etiske utfordringar i forsking og evaluering 
  • kan reflektere over val av deltaking og medforsking, og kva nytte det kan gi 
  • kan reflektere kritisk over strukturelle og sosiokulturelle vilkår for kunnskapsproduksjon generelt, og for kunnskapsproduksjon i samfunnsarbeid spesielt 

Krav til forkunnskapar

Studierett Master i samfunnsarbeid - HVL - Bergen 

Undervisnings- og læringsformer

Undervisning i emnet er i andre semester. Førelesingar, øvingar, arbeidsoppgåver i gruppe, sjølvstudium 

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen:

1. Studentane må delta på minst ei praktisk øving med forskings- eller evalueringsmetode i gruppe. 

2. Førebuing til gruppepresentasjon, refleksjon over arbeidsprosess.

Godkjende arbeidskrav er gyldig i 2 påfølgande semester.

Vurderingsform

Eksamen Munnleg eksamen, gruppe 

Studentane presenterer ein refleksjon over arbeidsprosessen. Presentasjonen skal vere på om lag 20 minuttar.

Vurderingsuttrykk: Bestått eller ikkje bestått.