MASIKT-TEK01 Teknologisk profilemne 1
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Innhaldet er retta mot utvikling av læringsressursar, IKT-støtta læringsmiljø og interaktive læringsobjekt, der utviklingsverktøy på ulike nivå vert brukt. Det vert lagt vekt på å dra linjer frå enkle språk og utviklingsverktøy, til meir generelle og overordna prinsipp for denne typen verktøy. Design av grafiske grensesnitt og kommunikasjon er også sentrale emne.
Læringsutbytte
Studenten skal:
- Kunnskap: Ha oversikt over utviklingsverktøy på ulike nivå, frå enkle programmeringsspråk retta mot barn, til meir avanserte og generelle prinsipp for utvikling av læringsobjekt. Studenten skal også kjenne til metodar for design av interaktive læringsobjekt.
- Ferdigheitar: Kunne bruke både spesielle og meir generelle utviklingsverktøy til utforming av interaktive læringsobjekt. Studenten skal også kunne reflektere og grunngje val av design på læringsobjekt og IKT støtta læringsmiljø.
- Generell kompetanse: Kunne designe og utvikle enkle læringsobjekt, samt vurdere, reflektere og bidra i utviklingsprosjekt med utvikling, design og interaksjon.
Krav til forkunnskapar
- Ingen
Tilrådde forkunnskapar
- MASIKT-DIG
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidet inneber nettmøte, samlingar, rettleiing, arbeid med nettbaserte ressursar, arbeid med ulike utviklingsverktøy og arbeid med mappeelement.
Obligatorisk læringsaktivitet
Møte på samlingar. Nærare presisert i semesterplan.
Vurderingsform
Mappevurdering
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle skrivne og trykte hjelpemiddel tillatt
Meir om hjelpemiddel