Hopp til innhald

MASIKT-VAD Vitskapleg arbeid, design og dokumentasjon

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Innhaldet er retta mot grunnleggande forskingsmetode, samt læringsteoriar knytt til bruk av IKT i undervisning og læring. Det vert lagt vekt på arbeid med akademiske tekstar i førebuing til eige forskingsarbeid. Dette skal føre fram til idéskisse og forskingsskisse som grunnlag for masteroppgåva. Dette er ein del av den teoretiske førebuinga til temaområdet for masterarbeidet i andre studieår.

Læringsutbytte

Studenten skal:

Kunnskapar:

  • Ha oversikt over grunnleggande forskingsmetodar
  • Ha kunnskap om analyse av akademiske tekstar i forhold til innhald, retorikk og argumentasjon

 

Ferdigheitar:

  • Kunne analysere og bruke akademiske tekstar i eit forskingsarbeid
  • Kunne utvikle eit forskingsspørsmål og problemstillingar som er relevante i forhold til eksisterande forsking og litteratur innan valte felt

 

Generell kompetanse:

  • Kunne planlegge og utvikle eit forskingsdesign knytt til valt problemstilling og forskingsspørsmål
  • Kunne vurdere argumentasjon i akademiske tekster

Krav til forkunnskapar

- Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MASIKT-DIG

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidet inneber nettmøte, samlingar, rettleiing, arbeid med nettbaserte ressursar og arbeid med mappeelement.

Obligatorisk læringsaktivitet

Møte på samlingar. Nærare presisert i semesterplan.

Vurderingsform

Mappevurdering (50%) Munnleg eksamen (50%)

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle skrivne og trykte hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel