MASPED3-301 Rettleiing
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Innhaldet i studiet er:
- Relevante rettleiings- og innovasjonsteoriar på system-, gruppe- og individnivå
- Etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing
- Innsikt og trening i grunnleggande rettleiingsmetodar
- Kommunikasjon, relasjon og samspel
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskap om rettleiings- og innovasjonsprosessar på individ-, gruppe- og systemnivå
- kan analysere og forhalde seg kritisk til eigen praksisteori som rettleiar og innovatør innan det spesialpedagogiske fagfeltet
Ferdigheiter
Studenten
- kan leggje til rette for og gjennomføre ein rettleiings- og innovasjonsprosess
Generell kompetanse
Studenten
- kan kommunisere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar knytt til spesialpedagogisk rettleiing og innovasjon med både spesialistar og allmenta
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Fullført semester 1 og 2 av master spesialpedagogikk studiet.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil variere mellom førelesingar, seminar og gruppeøvingar med grunnlag i kasus, med bruk av videoopptak. Vi føreset at studentane deltek aktivt og sjølvstendig i alle undervisningsformer.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Gjennomføring av feltarbeid, fem dagar.
- Ein individuell eksamensfagtekst og framlegg med utgangspunkt i feltarbeidet
- Dokumentasjon av gruppeoppgåve knytt til rettleiings- og innovasjonsteori
- Tre rettleiingar med video og individuelle refleksjonsnotat etter kvar samling
- Deltaking på tre samlingar på tre timar i lokale grupper.
Vurderingsform
- Del 1: Skriftleg oppgåve. Tel 40 % av endeleg karakter.
- Del 2: Praktisk eksamen i form av presentasjon av video med utvalde rettleings-sekvensar. Tel 30 % av endeleg karakter.
- Del 3: Munnleg eksamen knytt til rettleiing og pensum. Tel 30 % av endeleg karakter.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Alle delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, må alle delane takast opp att på nytt.
Hjelpemiddel ved eksamen
- Del 1: Skriftleg oppgåve: Alle
- Del 2: Presentasjon av video: Alle
- Del 3: Munnleg eksamen: Ingen