Hopp til innhald

MGUPE201 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 2 - Læraren og eleven i mangfaldige læringsmiljø

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Pedagogikk og elevkunnskap er eit kulturfag som skal gje studentane forståing for læraren og skulen si rolle i samfunnet. Kjerneområda i faget dreiar seg om oppseding, utdanning og danning.

Gjennom dette emnet skal studenten skaffe seg vidare kunnskapar om elevane på trinn 5-10 og deira læring og utvikling i eit mangfaldig og komplekst læringsmiljø. Merksemda skal rettast mot korleis ein kan bidra til å skape eit godt læringsmiljø for alle i ein skule prega av sosialt, religiøst og kulturelt mangfald. Studenten skal utvikle eit reflektert og kritisk perspektiv på skulen si verksemd og eiga rolle som profesjonsutøvar. Emnet er det andre av fire emne i faget pedagogikk og elevkunnskap.

Tema:

  • Tilpassa opplæring og spesialpedagogikk
  • Inkluderande fellesskap i ein mangfaldig skule
  • Den norske skule sitt verdigrunnlag
  • Skulen sine samarbeidspartnarar

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha fylgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Kandidaten skal ha kunnskapar om

  • menneskerettar og barn sine rettar i opplæringa
  • den norske skulen og samfunnet i lys av kristen og humanistisk tradisjon, sekularisering, religiøst og kulturelt mangfald
  • sentrale religionar og livssyn og deira betydning for elevar
  • ulike lærevanskar og tilpassings- og åtferdsutfordringar hjå elevar på 5.-10. trinn og korleis desse kjem til syne i opplæringa
  • elevar i utsette livssituasjonar
  • sentrale prinsipp som fremjar inkluderande og tilpassa opplæring
  • skulen sine samarbeidspartnarar
  • vitskapsteoretisk og metodisk kunnskap med relevans for FOU-oppgåva

Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne

  • grunngje opplæringa ut frå menneskerettar og barn sine rettar
  • ivareta livssynsmangfald i samarbeid med elevar og foreldre
  • leggje til rette læringsprosessar som tek vare på mangfaldet i elevgruppa
  • forklare forholdet mellom tilpassa opplæring og spesialundervisning

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • identifisere og drøfte didaktiske konsekvensar, utfordringar og muligheiter i ein skule prega av språkleg, kulturelt og religiøst mangfald
  • på eit reflektert og fagleg grunnlag vere i dialog med eleven og deira føresette om elevene si læring og utvikling
  • kritisk drøfte skulen og læraren si rolle og funksjon i samfunnet
  • bruke vitskapsteoretisk og metodisk kunnskap i utforming av FOU-prosjekt.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGUPE101

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene skal bidra til å skape sammenheng mellom ulike kunnskapsformer som inngår i teori- og praksisdelene av utdanninga. Varierte og studentaktive læringsformer med vekt på refleksjon knytt til teori og praksis.

Gjennom arbeidet med emnet vil det vere ulike øvingar, både munnlege og skriftlege,organisert individuelt eller i grupper.

Det er ein føresetnad at studentane arbeider med lærestoffet på eiga hand.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Det er obligatorisk oppmøte i seminar, ulike øvingar og arbeid i grupper. Fråversgrense er 20%.
  • Eitt skriftleg og eitt munnleg arbeidskrav.
  • Forskingsseminar: Analysere og tolke vitskaplege tekstar knytt til søk og presentasjon av forskingslitteratur. Studentane drøfter vitenskapelege tekstar i grupper.

Godkjent arbeidskrav er gyldig i det påfylgjande semesteret etter godkjenninga. 

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 30 minutt. 

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel