MPUV504 Vitskapsteori og metode
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
I emnet skal studenten få inngåande innsikt i vitskapsteoretiske og metodiske tradisjonar knytte til forsking om skule og utdanning. Dette gjeld både generelt og som grunnlag for metodeval i eige masterprosjekt. Emnet skal gi kandidatane evne til å oppdatere seg på, vurdere og reflektere over ny forsking relatert til eige masterprosjekt og eigen yrkespraksis innan utdanningsfeltet. Gjennom emnet skal studentane vidare fordjupe seg i forskingstilnærmingar og metodar som er spesielt relevante for deira eige masterprosjekt. Både kvalitative og kvantitative forskingsmetodiske tilnærmingar blir vektlagt, i tillegg til aksjonsretta og praksisnære tilnærmingar til forskingsopplyst utviklingsarbeid i utdanningssektoren.
Stikkord for innhald:
- Ulike vitskapsteoretiske retningar, posisjonar og metodiske tradisjonar innan utdanningsforsking
- Forskarrolla, forskingsetikk, personvernomsyn og datahandtering innan ulike design
- Validitet, reliabilitet og generalisering, datainnsamling og analyse innan kvantitative, kvalitative og utviklingsretta design
- Metodefordjuping knytt til masterarbeidet
Læringsutbytte
Emnet skal bidra til at studenten oppnår følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Kandidaten
- Har inngåande kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske posisjonar, tradisjonar og tilnærmingar relevant for utdanningsforsking, samanheng mellom desse og ulike forskingstilnærmingar
- Har god kunnskap om dei mest sentrale typane av forskingsdesign og forskingsmetodar med relevans for utdanningsforsking
- Har inngåande kunnskap om forskings- og profesjonsetiske retningsliner og grunnleggjande etiske problemstillingar innanfor utdanningsforsking
- Har avansert kunnskap på minimum eitt metodefelt
Ferdigheiter
Kandidaten
- Kan forhalde seg kritisk til vitskapsteoretiske utfordringar knytt til ulike typar didaktisk, utviklingsretta og analytisk orientert forsking
- Kan analysere relevant forskingslitteratur og nytte denne til utarbeiding og grunngjeving av design for eit forskingsprosjekt
- Kan reflektere kritisk over forskingsetiske problemstillingar i forskingsprosjekt
- Kan bruke relevante analyseverktøy i handsaming av data i forsking- og utviklingsarbeid
Generell kompetanse
Kandidaten
- Kan formulere eigne forskingsspørsmål og problemstillingar og knyte desse til relevant vitskapsteoretisk posisjon, tradisjon og metodisk framgangsmåte
- Kan kritisk reflektere over sentrale etiske implikasjonar av eige forskingsarbeid
- Kan kommunisere og argumentere for eige forskings- eller utviklingsarbeid i lys av vitskapsteoretiske posisjonar og forskingsetiske vurderingar
- Kan lese og kritisk vurdere vitskapleg litteratur frå sitt forskingsfelt og slik delta i den relevante, vitskaplege diskursen i eige profesjonsfellesskap
- Kan vise god profesjonsetisk kompetanse i forsking og utviklingsarbeid som involverer barn og unge
Undervisnings- og læringsformer
Emnet blir fleksibelt lagt opp. Studentane kan enten følgje undervisninga asynkront ved hjelp av nettbaserte førelesingar og tilhøyrande arbeidskrav og drøftingsforum, eller ved hjelp av omvendt undervisning knytt til fysiske samlingar.
Dialogar mellom studentar og mellom studentar og lærarane er eit sentralt element i undervisninga. Aktiv deltaking er ein føresetnad for læringsutbytte. Det er inntil to samlingar á 3 dagar i emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Skriftleg og munnleg presentasjon av førebels tema for masterprosjekt. Om lag 1 s. eller rundt 250 ord
- Presentasjon på nett eller samling av vitskapsteoretiske, metodiske og/eller forskingsetiske problemstillingar med relevans for masteroppgåve. Deltaking i opposisjon mot medstudentars framlegging
- Framlegg av øvingsoppgåve: Skriftleg analyse og munnleg presentasjon av kvantitative data. Nett eller samling
- Framlegg av øvingsoppgåve: Skriftleg analyse og munnleg presentasjon av kvalitative data. Nett eller samling.
Vurderingsform
Sluttvurdering består av tre mappeelement:
- Individuell skriftleg mappe med analyse av kvalitative data. Vekting: 20%.
- Individuell skriftleg mappe med analyse av kvantitative data/tekstar. Vekting: 20%.
- Individuell skriftleg mappe på 3000 ord som presenterer vitskapsteoretiske, forskingsetiske og metodiske problemstillingar knytt til eit tenkt forskings- eller utviklingsprosjekt (masterprosjekt). Vekting: 60%.
Gradert karakterskala frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle tillate hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel