MS1-306 Masteroppgåve i samhandling og folkehelsearbeid
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Masteroppgåva bør vanlegvis ta utgangspunkt ei problemstilling knytt til helse¿ sosial eller idrettsfaglege tenester. Den kan gjerne vere knytt til eit område studenten har erfaring med. Med bakgrunn i ein prosjektplan skal studentane gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa forskingsarbeid. Det er ein føresetnad at det vert gjennomført ei empirisk undersøking, teoretisk analyse eller metaanalyse knytt til det valde problemområdet. Masteroppgåva kan formidlast som monografi eller som publiserbar artikkel med kappe.
Læringsutbytte
Kunnskapar Studenten…
- gjere greie for sentrale teoriar og metodar innanfor fagområdet og arbeide sjølvstendig med teoretisk problemløysing
- analysere og stilla seg kritisk til relevante teoriar, nasjonal og internasjonal forsking på det aktuelle forskingsområdet
Ferdigheiter Studenten…
- inngåande kunnskap om forskingsprosessen sine ulike delar
- bruke relevante forskingsmetodar i eit sjølvstendig avgrensa forskingsarbeid
- stille seg kritisk til ulike informasjonskjelder og nytte desse til å strukturere og formulere faglege resonnement
Generell kompetanse Studenten kan
- gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande lover og vitskaplege og forskingsetiske normer og formidle kunnskap frå dette
- arbeide analytisk og lede innovasjon og tenesteutvikling
- bidra med kunnskapsbaserte argument i velferdsdebatten knytt til fagfeltet samhandling og folkehelse
- kvalifikasjonar for vidare forskarstudium
Krav til forkunnskapar
. Alle tidlegare emne i studiet må vere fullført før ein kan levere masteroppgåva til sluttvurdering.
Tilrådde forkunnskapar
Bør ha gjennomført emna Forskingsmetode og Prosjektførebuing
Undervisnings- og læringsformer
Med bakgrunn i tema og problemstilling får studenten tildelt ein rettleiar. Den individuelle rettleiinga baserer seg på at studenten sjølv tek ansvar for progresjon i arbeidet. Det blir lagt opp til felles seminar undervegs der studentane skal legge fram og drøfte arbeidet sitt med studentar og rettleiarar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Innlevering av prosjektplan for godkjenning av rettleiar.
Deltaking på seminar med presentasjon av prosjektet undervegs for rettleiarar og studentar.
Vurderingsform
Individuell masteroppgåve Gradert karakter A -F