Hopp til innhald

NOU804 Tekstkunnskap (nettstudium)

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Norsk 2 5-10 Tekstkunnskap og Språkkunnskap (30 studiepoeng) byggjer på 30 studiepoeng grunnutdanning i norsk og er eit vidaregåande kurs for lærarar som vil undervise i norsk på mellomtrinnet og ungdomstrinnet.

Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på varig vidareutdanning (Kompetanse for kvalitet). Etter Forskrift til opplæringslova §14-2 må ein lærar ha 30 studiepoeng norsk for å undervise i faget på barnetrinnet og 60 studiepoeng norsk for å undervise på ungdomstrinnet.

Norsk 2 er delt i to emne à 15 studiepoeng. Emne 1 Språkkunnskap går hausten, og emne 2 Tekstkunnskap går våren. Emne 1 gir eit teoretisk og didaktisk grunnlag for arbeid med den andre lese- og skriveopplæringa i klasserommet. Sentrale tema er lese- og skriveteoriar, leseforståing, lese- og skrivestrategiar og vurdering av lese- og skriveferdigheiter. Emne 2 gir ei innføring i ny og aktuell barne- og ungdomslitteratur og gir teoretiske perspektiv på debattar knytte til denne litteraturen.

Saman med Norsk 1 5-10 utgjer Norsk 2 Tekstkunnskap og Språkkunnskap eit årsstudium (60 studiepoeng). Samla gir kursa omfattande kompetanse til norskundervisning på mellom- og ungdomstrinnet. Samla kan dei også vere grunnlag for opptak til ulike masterstudium der norsk inngår.

Tekstlesing og tekstteori står sentralt i emne 2. Tekstane er henta frå ulike sjangrar og medium (munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og fagtekstar), og dei blir knytt til litteraturteori. Vekta ligg på tekstar frå vår eiga samtid, retta mot barne- og ungdomslesarar, men det vil også vere innslag av historiske tekstar og tekstar for vaksne. Eit hovudperspektiv er korleis ein kan arbeide med slike tekstar i klasserommet.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskapar om ulike teoretiske perspektiv og retningar i arbeidet med å forstå litteratur
  • har kunnskapar om litteraturhistorie, litteraturformidling og litteraturdidaktikk og kunne bruke kunnskapen på mellom- og ungdomstrinn
  • har omfattande tekst- og sjangerkunnskapar om skriftlege og multimodale tekstar, både skjønnlitterære og sakprega, på nynorsk og bokmål, med vekt på teksttypar som er særleg relevante for barn og unge
  • har kunnskapar om særtrekk ved munnleg kommunikasjon
  • har kunnskapar om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere, tolke og vurdere fiksjons- og fagtekstar for barn og unge i analoge og digitale medium
  • kan bruke digitale verktøy i arbeidet med litteratur

Generell kompetanse

Studenten

  • har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar
  • er stø i skriftleg nynorsk

Krav til forkunnskapar

Deltakarane må ha minst 30 sp i norsk frå før.

Undervisnings- og læringsformer

Norsk 2 Tekstkunnskap og Språkkunnskap er eit nettbasert deltidsstudium. Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Undervisninga skjer i stor grad som nettbaserte forelesingar i form av video, tekst og lyd. Informasjonsutveksling, rettleiing og faglege diskusjonar skjer i studiestøttesystemet Canvas. Det er vidare ein føresetnad at studentane som følgjer studiet, deler kunnskapen og ferdigheitene dei tileignar seg, med lærarar i kollegiet på eigen skole.

Studiet har ikkje eigen praksisdel, men er praksisretta ved at eiga yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Studentane skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga og sjå desse emna i samanheng med erfaringar og observasjon i eigen klasse.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane må levere og få godkjent fire obligatoriske arbeid for å få gå opp til eksamen. Tema for innleveringane blir kunngjorde ved semesterstart. Oppgåvene skal skrivast på nynorsk.

Arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenning.

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen, ei veke. Målform: nynorsk.

Tid for ut- og innlevering av eksamen blir opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel