OR6-1008 Leiing
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Kurset er strukturert i to modular: Modul 1: Internasjonal leiing. Modul 2 Endringsleiing
Emnet gir studentane teoretisk kunnskap innanfor endringsleiing og internasjonal leiing med fokus på internasjonale strategiprosessar og fleirkulturell leiing.
Emnet inneheld følgjande tema:
Modul 1: Internasjonal leiing
Internasjonal leiing og organisasjonen sin strategiske internasjonaliseringsprosess, Internasjonal leiing utifrå eit multikulturelt perspektiv, Kulturell synergi, Internasjonal kommunikasjon, Internasjonal forhandling.
Modul 2: Endringsleiing:
Drivkrefter for endring, endringa sitt innhald og omfang, endringa sin kontekst, endringsprosessar, endringsstrategiar, leiarstilar.
Læringsutbytte
Kunnskap
Modul 1: Internasjonal leiing
Studenten skal ha
- kunnskap om internasjonaliseringsprosessen og kulturens påvirkning
- kunnskap om kulturelle dimensjonar i eit multinasjonalt perspektiv
- kunnskap om kulturell synergi
Modul 2: Endringsleiing
Studenten skal
- kjenne omgrep, teoriar og modellar innanfor endringsleiing
- ha kunnskap om endringsprosessar og endringsstrategiar
- ha kunnskap om leiarstilar ved organisasjonsendringar
Ferdigheiter:
Modul 1: Internasjonal leiing
Studenten skal
- identifisere kulturforskjeller på tvers av nasjonar.
- identifisere mulege konsekvensar som følge av kulturforskjeller.
- planlegge internasjonale forhandlingar.
Modul 2: Endringsleiing
Studenten skal
- bruke teori og modellar til å gjennomføre ein analyse av planlagt endring.
- ved hjelp av teori og modellar, drøfte og reflektere bruk av ulike endringsstrategiar og leiarstilar.
Generell kompetanse
Modul 1: Internasjonal leiing
Studenten skal
- bli bevisst på utfordringar og moglegheiter knytt til internasjonalisering og leiing av internasjonaliseringsprosessar
- bli bevisst på nasjonale kulturforskjellar og reflektera kva påverknad dette har på leiing av organisasjonen med utganspunkt i teori og forskning.
Modul 2: Endringsleiing
Studenen skal
- forstå kva handlingsrom leiarar kan skaffe seg og kva avgrensingar leiarar har når det gjeld å få til endringar i ulike organisasjonar
- kunne analysere og drøfte problemstillingar med utgangspunkt i moderne teoriar og modellar innanfor leiingsfaget
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
OR6-1005 Strategi eller tilsvarande; OR6-1001 Organisationsteori eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Foreleninger og gruppearbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Eitt skriftleg arbeidskrav
- Fleirvalgsoppgåve
- Godkjent/Ikkje godkjent
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar
Bokstavkarakter
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- OR6-302 - Endringsleiing - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- RE6-209 - Serviceledelse - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- OR6-1002 - Leiing og strategi - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØAA113 - Innovasjons- og endringsleiing - Reduksjon: 3,5 studiepoeng