Hopp til innhald

RP5-402 Rusproblematikk - rusarbeid og behandling

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Med bakgrunn i forskningsbasert kunnskap gir emnet  kunnskap  om ulike former for rusarbeid og behandling. Emnet presenterer ulike problemstillingar, omgrep, forklaringsmodellar og behandlingsformer som er knytt til rusarbeid og behandling. Emnet har eit særleg fokus på  brukarmedverknad og samhandling innan rusfeltet, og legg vekt på å sjå samanhengar mellom ulike forståingar av rusproblematikk, politiske føringar, institusjonelle rammer og utforming av praksis. Sentrale tema som blir omhandla i emnet er etikk og brukermedverknad, organisatoriske tilhøve, juridiske  og politiske føringar og ulke behandlingsformer og tiltak.

Læringsutbytte

KUNNSKAPAR

Etter avslutta emne har studenten

  • god kunnskap om ulike former for behandling og rusarbeid
  • inngående kunnskap om organisatoriske tilhøve og politiske føringar for rusarbeid og behandling
  • avansert kunnskap om samarbeid og brukarmedverknad

FERDIGHEITER

Etter avslutta emne kan studenten

  • anvende forsking til å kritisk analysere og vurdere tiltak og behandlingsformer på rusfeltet
  • bruke forskningsbaserte kunnskap i eige arbeid med rusrelaterte problemstillingar
  • bruke relevante metodar for fagleg utvikling på ein sjølvstendig måte
  • medverke til brukarmedverknad og samhandling med ulike aktørar og forvaltningsnivå på rusfeltet 

GENERELL KOMPETANSE

Etter avslutta emne kan studenten

  • analysere relevante rusfaglege problemstillingar knytt til rusarbeid og behandling
  • reflektere kritisk over eigen rolle som profesjonell  i møte med menneske med rusutfordringar og deira pårørande
  • anvende sine kunnskaper og ferdigheiter til å kommunisere om rusfaglege problemstillingar og til å argumentere for iverksetting av behandlingsformer, tiltak og organisering i rusfeltet
  • analysere, reflektere over og diskutere etiske problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Avslutta grunnutdanning på bachelornivå (minimum tre år) i helse- eller sosialfag. Andre med minimum treårig høgare utdanning med relevant fagsamansetning kan etter vurdering bli tatt opp.

Tilrådde forkunnskapar

Erfaring frå arbeid med rusproblematikk

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gruppearbeid, praktiske øvingar, refleksjonsgrupper og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktiviteter må vere godkjendt for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1: Tilstades 80% i refleksjonsgrupper

2: Individuelt framlegg på seminar i grupper, 20 minutters varighet

Arbeidskravet er gyldig til emnet går ordinært neste semester. 

Arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

Individuell semesteroppgåve. Omfang 6000 ord (+/- 600 ord)

Vurderingsutrykk A- F der F er ikkje greidd vurdering 

Ny eksamen:

Går føre seg som ordinær eksamen

Hjelpemiddel ved eksamen

Sjølvlaga power point-presentasjon

Meir om hjelpemiddel