Hopp til innhald

SA546 Examen philosophicum

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

 Examen philosophicum skal gi studentane ei innføring i universitetet sine tenkje-, arbeids- og skrivemåtar. Vidare skal ex.phil. innvie studentane i akademisk kultur og danning, og gi filosofiske perspektiv på sentrale spørsmål i jussen. Emnet gir ei innføring i rettsfilosofi og andre filosofiske tema med særleg relevans for rettsvitskapen. I tillegg gir emnet ei innføring i språk- og argumentasjonsteori, med sikte på å fremje akademiske ideal om presisjon og stringens.

Læringsutbytte

Kunnskapar Ved fullført emne har studenten kjennskap til utvalde filosofiske emne som har relevans for rettsvitskapen, til dømes rettsfilosofi, etikk og politisk filosofi. I tillegg har studenten kjennskap til sentrale omgrep i språk- og argumentasjonsteori. Ferdigheiter og generell kompetanse Studenten meistrar: - bruk av filosofiske omgrep i analytisk og prinsipiell drøfting av problemstillingar i jussen - bruk av språk- og argumentasjonsteori på tekstar i det juridiske feltet - grunnleggjande normer for skriftleg og munnleg akademisk framstilling, som klårleik, sjølvstende og reieleg handsaming av kjelder.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminarsamlingar, framføringar og arbeide i grupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

 Studenten skal:

- ta del i minst 80% av seminarsamlingane

- gi ein munnleg presentasjon i seminaret

- levere eitt utkast til seminaroppgåve

- møte til ei individuell rettleiing om seminaroppgåva

- greie mindre testar (oppgåver) gitt undervegs

Arbeidskrav er gyldig i det semesteret det vert gitt undervising.

Vurderingsform

Studenten skal skrive ei seminaroppgåve undervegs i kurset. I tillegg skal studenten skrive ei mindre oppgåve utan rettleiing. Seminaroppgåva tel 2/3 av karakteren, og den mindre oppgåva 1/3.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjend før ein kan få oppgåvene vurdert. Begge oppgåvene må være greidd for å få endeleg karakter.

Ny eksamen er skriftleg skuleeksamen (4 timar) som vert arrangert påfølgande semester. Eitt obligatoriske arbeidskravet må vere godkjent for at kandidaten skal kunne gå opp til eksamen.