SA587 Europa-studium: Tverrfaglege perspektiv på Europa før og no
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet er todelt, med ein del som fokuserer på utviklinga av Europas eigenart og identitet i eit historisk perspektiv og ein del som ser på den europeriske integrasjonen frå ein samfunnsvitskapeleg ståstad.
Den historiske delen fokuserer på Europa i tida mellom 1870 og 1945. Europas økonomiske og politiske dominans i storheitstida vert utforska i komparative og globale perspektiv og i relasjon til den europeiske sivilisasjonens samanbrot i dei to verdskrigane.
Den samfunnsvitskapelege delen fokuserer på drivkreftane og bremseklossane i europeisk integrasjon etter andre verdskrig og fram til i dag, rolla til EU internasjonalt og regionalt, europeisk identitetsdanning, og dei moderne europeiske krisene. Sentrale tema vil vere europeiske institusjonar og demokratisk underskot, Noreg-EU-relasjonar og europeisk mobilitet.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om sentrale tema og problemstillingar i europeisk historie og i dagens Europa
- kjenner til ulike teoriar og modellar for europeisk økonomisk utvikling og europeisk integrasjon
- kan gjere greie for utviklinga i kultur og mentalitet i Europa
- kjenner til skilnader mellom Europa og andre delar av verda
- har kunnskap om politiske, sosiale og økonomiske utfordringar i dagens Europa
Ferdigheiter
Studenten
- kan drøfte korleis kultur, økonomi, og politikk heng saman i ein større kulturkrets
- kan reflektere over dei etiske sidene ved europeisk ekspansjon og dominans
- kan nytte historisk og samfunnsfagleg kunnskap til å forstå Europa i dag
- kan reflektere over rolla til EU som ein internasjonal og regional aktør
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle fagstoff i diskusjonar og presentasjonar
- kan analysere forholdet mellom brot og kontinuitet i historia
- kan nytte si forståing av rolla til nytenking og innovasjon i europeisk historie til å forstå innovasjonsprosessar i dagens og framtidas samfunn
- kan jobbe tverrfagleg
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppearbeid og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
To gruppepresentasjonar (godkjend / ikkje godkjend). Studentar som er forhindra frå å gjennomføre gruppepresentasjon, må levere inn eit alternativt skriftleg arbeidskrav på 500 ord på ein oppgåvetekst og med ein tidsfrist gitt av emneansvarleg.
Abeidskrava må vere gjennomførte til fastsette fristar og godkjende før ein kan gå opp til eksamen
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar. Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel
Meir om hjelpemiddel