SA589 Komparativ politikk
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei innføring i samanliknande politikk med vekt på korleis statsmaktene er organiserte i forhold til kvarandre, og samspelet mellom konstitusjonar, parlament og regjering. Undervisninga presenterer tema som partisystem og partifamiliar, val- og valsystem i ulike land, og variasjonar i bruken av folkeavstemmingar.
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført emne:
- har studenten kunnskap om korleis statsmakta er organisert og korleis dei ulike politiske institusjonane fungerer i forhold til kvarandre i ulike land
- har studenten oversikt over ulike partisystem og partifamiliar, val og valordningar og bruken av folkeavstemmingar i ulike land
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- orientere seg i relevant statsvitskapleg faglitteratur om politiske institusjonar
- gjennomføre enkle skriftlege, komparative analysar
Generell kompetanse
Etter fullført emne:
- kan studenten gi ein individuell, skriftleg presentasjon av ei komparative, politisk problemstilling på grunnleggjande nivå
- kjenner studenten til korleis politiske institusjonar i ulike land har utvikla nye løysingar i vår tid
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.
Undervisnings- og læringsformer
Campusstudentar: Sjølvstudium, førelesingar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar som blir kommenterte av faglærar og medstudentar, studentstyrte kollokviegrupper.
Nettstudentar: Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar som blir kommenterte av faglærar og medstudentar, studentstyrte kollokviegrupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
1) Studenten skal skrive ei oppgåve.
2) Fleirvalstest (multiple choice) i heile pensum eller ein nærare definert del av pensum.
Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.
Vurderingsform
Heimeeksamen (5 timar)
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel