SA6-405 Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
I dette emnet er hovudfokus planlegging, drift og utvikling av arbeidseiningar i helse- og velferdssektoren. Med utgangspunkt i systemiske og læringsteoretiske perspektiv går emnet inn på konkrete utfordringar studentane kan møte som leiarar. Sentralt står leiar si tilrettelegging for kollektiv problemløysing og kollektivt utviklings- og forbetringsarbeid samt bruk av IKT i denne samanheng.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Med bakgrunn i sentrale teoriar, modellar og forskingsbasert viten om kvalitetsforbetring skal studenten ha inngåande kunnskap om:
- Teori om læring og kunnskapsutvikling på individ-, gruppe- og organisasjonsplan
- Førekomst og konsekvensar av kvalitetssvikt
- Korleis samfunnet si utvikling, rammevilkår, fagleg utvikling og tilhøve ved tenesta påverkar kvaliteten
- System, metode og verktøy for forbetring av kvalitet
Ferdigheiter:
- Med bakgrunn i sentrale teoriar, modellar og forskingsbasert viten om kvalitetsforbetring skal studenten:
- Kunne bruke læringsteori for å analysere eit kvalitetsforbetringsarbeid
- Kunne bruke relevant kunnskap og avanserte analyseverktøy for å avdekke og forstå kvalitetsproblem i tenesta
- Kunne bruke relevant kunnskap og innøvde ferdigheiter til å planleggje, utføre og evaluere eit forbetringsarbeid
Generell kompetanse
- Kunne bidra til og setje i gang systematisk kvalitetsforbetring i tenesta ved hjelp av tileigna kunnskap og ferdigheter.
- Kunne vidareformidle kunnskapar og ferdigheiter om forbetringsarbeid i eigen organisasjon.
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og gruppearbeid med case.
Individuell rettleiing i utarbeiding av eit dokument som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav 2 i studieplan : 4 korte refleksjonsnotat, 1 - 3 sider (400 - 1200 ord) per notat utarbeidde mellom samlingane.
Vurderingsform
Mappe som inneheld eitt arbeid
Individuell utarbeidd tekst som handlar om leiing og utviklingsprosessar/forbetringsarbeid på eigen arbeidsplass.
Nærare informasjon om oppgåva vert gitt på samlingane. Om lag 10 sider (ca. 4000 ord). Innlevering innan dato som vert gjort kjend av faglærar. Vurdering ut frå gitte kriteriar for oppgåva.
Bokstavkarakter A-F.
Ved stryk kan studenten levere ein omarbeidd tekst.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- SA6-405 - Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar - Reduksjon: 15 studiepoeng
- SA6-400 - Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar - Reduksjon: 13,5 studiepoeng
- SA667 - Drift av grunneining - Reduksjon: 13,5 studiepoeng
- GR122 - Organisering av helse og sosialtenester til eldre - Reduksjon: 13,5 studiepoeng