SK159 Førebuing til yrkeslivet
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
For å meistre sjukepleiarrolla treng sjukepleiaren innsikt i kompleksiteten og dei stadige endringane helsevesenet står overfor. Målet er å gje studentane handlingsberedskap til å kunne kople saman fagspesifikk kunnskap og forbetringskunnskap for å utvikle tenesta. Leiing av pleieteamet, innsikt i samspel med andre aktørar i mikrosystemet rundt pasienten og innsikt i organisasjonen på ulike nivå står sentralt i emnet.
Dei ulike tema i emne er:
- entreprenørskap og innovasjon i helse- og omsorgssektoren
- ny helse- og omsorgsteknologi
- styring og prioritering i helse- og sosialsektoren på ulike forvaltningsnivå
- brukarorganisasjonar som aktørar i helsetenesta
- pasientsikkerheit
- sjukepleieidentitet og profesjonalitet
- administrasjon og leiing
- tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
- samarbeid og konfliktløysing
- generell førstehjelp og hjarte-/lungeredning
- rettar og plikter som arbeidstakar
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:
Kunnskap:
Studenten
- har kunnskap om styring og organisering i helse- og sosialsektoren
- har kunnskap og syner forståing for aktuelle helsepolitiske og organisatoriske utfordringar
- har kunnskap om kontinuerleg forbetringsarbeid
- har kunnskap om pasienten/brukaren sitt nettverk
Ferdigheiter:
Studenten
- kan stille seg kritisk til helsetenesta generelt og sjukepleietenesta spesielt
- kan inkludere pasientane/brukarane i forbetring av tenesta
- kan gjennomføre eit forbetringsarbeid
- kan leie sjukepleie til ei gruppe pasientar/brukarar
- har innsikt i andre faggrupper sine funksjonar og kompetanse
- har handlingskompetanse i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
Generell kompetanse:
Studenten
- kan utføre basal hjarte-/lungeredning, delta i avansert hjarte-/lungeredning og kunne gjennomføre førstehjelp ved skadar
- kan utføre sjukepleie i tråd med krav til fagleg forsvarleg sjukepleie
- kan møte pasient/brukar ut frå eit heilskapssyn
- kan utøve sjukepleie i tråd med faget sitt verdigrunnlag, etiske kodar og lovverk
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning og rettleiing
- kan syne respekt for pasientar/brukarar sin integritet, kunnskapar, erfaringar og val
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
- kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innafor fagområdet både skriftleg og munnleg, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
Krav til forkunnskapar
Emne SK160, SK161, SK199, SK169, SK170, SK155, SK162, SK163, SK164, SK151, SK157, SK166, SK167, samt alle obligatoriske læringsaktivitetar i SK165 må vere greidd før start i emne SK159.
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesingar
- Gruppearbeid med framlegg
- Individuelt skriftleg arbeid
- Praktisk øving
- Studentaktive læringsformer for å integrere og gjere seg nytta av kunnskap i praksis.
- Erfaringslæring med refleksjon og rettleiing individuelt og i grupper
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan starte i direkte pasientretta verksemd:
- Delta på seminar i generell førstehjelp og avansert hjarte-/lungeredning
- Delta på seminardag og gruppearbeid om uønskte hendingar
- Delta på seminardag om konflikt og samarbeid
Vurderingsform
Rettleia praksis. Greidd/ikkje greidd