Hopp til innhald

SK161 Sjukdomslære og farmakologi

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

I dette emne skal studenten lære om sjukdommar og deira årsaker. Ein skal også lære om korleis ulike sjukdommar utviklar seg i kroppen og korleis sjukdommane vert diagnostisert og behandla. I tillegg skal ein tilegne seg kunnskap om generelle farmakologiske prinsipp og kunnskap om legemiddel som vert nytta i behandling av ulike sjukdommar. 

Dei ulike temaa i emnet er:

  • Innføring i fagområdet sin historiske og vitskapsteoretiske eigenart og relevans for sjukepleie
  • Innføring i å finne fram til forskingsbasert litteratur

 

Sjukdomslære

  • Generell patologi
  • Diagnostisk patologi
  • Smerter og smertebehandling
  • Infeksjonssjukdommar
  • Hjarte- og karsjukdommar
  • Lungesjukdommar
  • Nevrologiske sjukdommar
  • Sjukdom i fordøyelsessystemet
  • Sjukdom i lever, gallevegar og bukspyttkjertel
  • Endokrine sjukdommar
  • Gynekologiske sjukdommar
  • Sjukdom i brysta
  • Blodsjukdommar
  • Sjukdom i rørsleapparatet
  • Revmatiske sjukdommar
  • Sjukdom i huda
  • Sjukdom i øyre, nase og hals
  • Augesjukdommar
  • Sjukdom i nyrer og urinvegar
  • Sjukdom i mannlege kjønnsorgan
  • Forstyrringar i væske-, elektrolytt- og syre-base-balansen
  • Pediatri
  • Kreftsjukdom
  • Ortopedi
  • Traumatologi, brannskadar og forgiftingar
  • Anestesi, pre-, per- og postoperativ behandling, intensivmedisin
  • Alternativ medisin

 

Farmakologi 

  • Basal og generell farmakologi
  • Legemiddel ved ulike sjukdommar
  • Ulike legemiddelformer og administrasjonsmåtar

 

Generell førstehjelp

  • Førstehjelp ved skadar

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

  • har kunnskap om hovudtrekk i fagområdet sin historiske og vitskapsteoretiske eigenart og relevans for sjukepleie
  • har kunnskap om årsak og patogenese (sjukdomsmekanisme) ved ulike sjukdommar
  • har kunnskap om symptom og kliniske funn ved ulike sjukdommar
  • har kunnskap om diagnostikk og behandling ved ulike sjukdommar og skadar
  • har kunnskap om globale sjukdomsmønster
  • har kunnskap om sentrale farmakologiske prinsipp, hovudgrupper av medikament og korleis ulike legemiddelformer vert administrerte
  • har kunnskap om intravenøs væske og infusjonskonsentrat
  • har kunnskap i sjukdomslære og farmakologi for å kunne anvende denne i utøving av sjukepleie
  • har kunnskap om omgrep og terminologi i fagfeltet for å kunne anvende denne ved kommunikasjon i praksis
  • kjenner til farmakologi

 

Ferdigheiter

  • kan finne fram til litteratur om forsking og fagutvikling i fagområdet
  • kan anvende kunnskap i anatomi, fysiologi, biokjemi og mikrobiologi for å forstå sjukdomsprosessar
  • kan utføre basal hjarte-lunge-redning og førstehjelp ved skadar

 

Generell kompetanse

  • Erkjenner at kunnskap i emnet har betydning for utøving av faglig forsvarlig sjukepleie

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Skriftleg oppgåveløysing individuelt og i grupper
  • Seminar
  • Flipped classroom
  • Sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Skuleeksamen - 5 timar. Individuell. Bokstavkarakter A-F.