SK163 Første rettleia praksis i spesialisthelsetenesta
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Kliniske studium relatert til pasientar som mottar sjukepleie i spesialisthelsetenesta og deira pårørande. Kullet blir delt i to grupper, der ein del av kullet har medisinsk praksis og den andre delen kirurgisk praksis.
Hospitering:
- Medisinsk praksis: hospitering i føde-/ barselavdeling og pediatri, fire dagar
- Kirurgisk praksis: hospitering i operasjons- og oppvakningsavdeling, tre dagar
Læringsutbytte
Etter fullført emne har/kan studenten:
Kunnskap
- har kunnskap om livreddande førstehjelp og avansert hjarte- lungeredning
- har kunnskap om lovverket som regulerer utøving av sjukepleiefaget
Ferdigheter
- kan nytte sjukepleieprosessen som metode
- kan syne forståing og respekt for pasientar og pårørande sine opplevingar og reaksjonar på sjukdom/ sjukdomstilstand
- kan vurdere og utføre sjukepleie med utgangspunkt i pasienten sin situasjon/ sjukdomstilstand
- kan gjere greie for teoretiske samanhengar og grunngje handling
- kan under rettleiing planlegge og prioritere eige arbeid
- kan ivareta hygieniske prinsipp i utøving av sjukepleie
- kan dokumentere skriftleg, og gje munnleg rapport/ informasjon
- kan administrere legemidlar og har kunnskap om verknad/ biverknad og mogelege komplikasjonar
- kan vise etisk refleksjon og handlingsberedskap
- kan ta del i arbeids- og behandlingsoppgåver, prosedyrar og bruk av medisinsk teknisk utstyr
- kan finne fram til relevant litteratur og forsking innan fagområdet og nytte dette i utøving av praktisk sjukepleie
- kan vise evne til samarbeid og teamarbeid
- kan under rettleiing informere og undervise pasientar, pårørande og samarbeidande partar
- kan delta i administrative oppgåver
- kan sjå eige læringsbehov og ta rettleiing
Generell kompetanse
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
- kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innafor fagområdet både skriftleg og munnleg, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
Krav til forkunnskapar
Emne SK160, SK161, SK199, SK169, SK170, samt alle obligatoriske læringsaktivitetar i emne SK162 må vere greidd før start i emnet SK163.
Undervisnings- og læringsformer
- erfaringslæring med refleksjon og rettleiing individuelt og i grupper
- studentaktive læringsformer for å integrere og gjere seg nytte av kunnskap i praksis
- skriftleg og munnleg arbeid
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan starte i direkte pasientretta verksemd:
- delta på introduksjon til praksis
- delta på seminar, føde/barsel
- undervisning og øving i sjukepleiesenteret (ei øving)
Vurderingsform
Første rettleia praksis i spesialisthelsetenesta. Greidd/ikkje greidd