Hopp til innhald

SK170 Rettleia praksis i sjukeheim

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Kliniske studium relaterte til pasientar som mottek sjukepleie i sjukeheim og deira pårørande.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om forbetringsarbeid knytt til pasientar i sjukeheim

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan kartlegge grunnleggande behov, føreslå tiltak, følgje opp og evaluere sjukepleie til eldre pasientar
  • kan utøve grunnleggande sjukepleie og grunngje handlingar med kunnskap frå mikrobiologi, anatomi, fysiologi, biokjemi og sjukdomslære
  • kan dokumentere og formidle gjennomført sjukepleie munnleg og skriftleg i relevante dokumentasjonssystem
  • kan bruke korrekte arbeidsstillingar og forflyttingsteknikk
  • har grunnleggande ferdigheiter i medikamenthandtering og kan administrere medikament til primærpasient under rettleiing
  • kan planlegge, prioritere og gjennomføre sjukepleie til den enkelte pasient sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • kan informere, rettleie og undervise pasientar, pårørande, studentar og medarbeidarar
  • kan utøve sjukepleie i tråd med faget sitt verdigrunnlag
  • kan syne respekt for pasienten sin autonomi og integritet, og legge det til grunn i kommunikasjon og utøving av sjukepleie

Generell kompetanse:

Studenten

  • har eit reflektert forhold til eigne kunnskapar, haldningar og ferdigheiter og tek rettleiing
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
  • kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innafor fagområdet både skriftleg og munnleg, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis 

Krav til forkunnskapar

Emna SK199, eit av emna i SK160 og SK161, samt arbeidskrav i SK169 må vere greidd før start i emne SK170.

Undervisnings- og læringsformer

  • Studentaktive læringsformer for å integrere og gjere seg nytte av kunnskap i praksis
  • Erfaringslæring med refleksjon, rettleiing individuelt og i grupper
  • Skriftleg arbeid

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan starte i direkte pasientretta verksemd:

  • Deltaking på seminardag knytt til kvalitetsarbeid

Vurderingsform

Rettleia praksis i sjukeheim. Greidd/ikkje greidd