SK199 Medikamentrekning
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
I løpet av emnet skal studenten tileigne seg tilstrekkeleg kunnskap og ferdigheiter til å utføre korrekt medikamentrekning i klinisk praksis. Sjukepleiarens rolle består av å administrere medikament, og må i forbindelse med medikamenthandtering utføre utrekning av medikamentdosar.
Dei ulike tema i emnet er:
- Mål og vekt
- Prosentrekning
- Administrering av infusjonar
- Fortynning av legemidlar
- Dose, mengde, styrke
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:
Kunnskap:
Studenten
- kjenner til farmakologi
- har kunnskap om administrasjon av ulike legemiddelformer og relevante utrekningsmetodar
Ferdigheiter:
Studenten
- kan gjennomføre feilfri medikamentrekning
Generell kunnskap
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og grunngje prosedyrar i samband med legemiddelhandtering i sjukepleiepraksis
- har innsikt i forsvarleg legemiddelhåndtering
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Undervisnings- og læringsformer
- førelesingar
- praktiske øvingar
- skriftleg oppgåveløysing individuelt og i grupper (obligatorisk)
- sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan framstille seg til eksamen:
- Deltaking i to praktiske øvingar
- Gjennomføring av prøvetest
Vurderingsform
Individuell skriftleg prøve i medikamentrekning. Vurdert til greidd/ikkje greidd. Krav om 100% rett.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator (Casio fx-82).
Meir om hjelpemiddel