SOS5-204 Sosialt arbeid - normalitet og avvik
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
I emnet vert det lagt vekt på å gje innføring i generell sosiologisk teori om avvik og stigmatisering og ulike kriminologiske teoriar. Vidare vil det bli lagt vekt på teori om sosiale klassar i samanheng med økonomisk og kulturell dominans i samfunnet. Emnet skal gje studentane auka forståing for ulikskap i levekår for ulike grupper og kunnskap om marginaliseringsprosessar. Korleis ein kan arbeide for å inkludere marginaliserte grupper vert vektlagd. Kriminalitet og kriminalitetsutvikling, grunngjevingar og vilkår for straff vert vektlagde. Emnet skal gje studentane kunnskap om ulike former for funksjonshemming og forståing for korleis levekår og livskvalitet påverkar mulegheit for deltaking i samfunnet. Studentane vil også få kunnskap om omgrep knytta til førebygging. I undervisninga i globalisering vert det lagt vekt på å gje studentane innsikt i korleis globaliseringa verkar inn på politisk styring og nasjonale identitetar.
Læringsutbytte
Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:
Felles læringsutbyte for barnevern og sosialt arbeid
- kunnskap om straff, strafferett, straffeprosess, straffesystemet og alternative reaksjonsformer overfor unge lovbrytarar.
Studiespesifikke læringsutbytte
Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:
Kunnskap:
- kunnskap om levekår og ulikskap på individ- og samfunnsnivå
- kunnskap om teoriar som forklarer korleis avvik/kriminalitet kan utviklast ut fra individ og samfunnsperspektiv
- kunnskap om marginalisering og kunne analysere ulike marginaliseringsmekanismar
- kunnskap om førebygging på individ og samfunnsnivå
- kunnskap om kva som skapar sosiale avvik
- kunnskap om bustadsosialt arbeid og samfunnsarbeid
- kjennskap til sentrale sider ved globaliseringsdiskusjoar og kva konsekvensar globaliseringen kan få for økonomi, politikk, kriminalitet og kultur
Ferdigheiter:
- gjere greie for ulike tiltak for å redusere sosial ulikskap
- kunne bruke kommunikasjon og relasjonsforståing i arbeidet med utsette grupper
- arbeide sosialfagleg med marginaliserte grupper
- reflektere kritisk over eiga fagforståing og over utøving av makt i sosialt arbeid
Generell kompetanse:
- Kan planlegge førebyggande tiltak for vanskelegstilte grupper
- Kan reflektere over marginaliseringsprosesser både på individ og samfunnsnivå
Krav til forkunnskapar
Alle emne frå første året i bachelorstudiet i sosialt arbeid må vere greidd før ein kan framstille seg til eksamen.
Undervisnings- og læringsformer
Det vert nytta ulike undervisnings-og læringsformer i emnet: Førelesingar, seminar, arbeid i grupper, munnleg og skriftleg framstilling, individuelt arbeid, digitale verktøy. Studentaktive læringsformer vert vektlagde.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitar må vera godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:
1) Deltaking i undervisning om brukarmedverknad.
2) Deltaking i undervisning om kritisk refleksjon.
3) Refleksjonsoppgåve i grupper. Framlegging av resultat i klassen.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 5 dagar
Vurderingsutrykk:
A -F der F er ikkje greidd vurdering
Ny eksamen:
Går føre seg som ordinær eksamen