Hopp til innhald

VPL5-307 Kvalitet og forbetringsarbeid

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Kvalitetsarbeid og kvalitetsutvikling i miljøarbeid, levekår for funksjonshemma, forbetringsarbeid, kommunikasjon og samhandling. Arbeid med prosjekt som førebuing til prosjektpraksis vert vektlagt. Her er kvalitetsarbeid og forbetringsarbeid sentrale tema. Studentane arbeider med prosjekt der samhandling og eigenutvikling er viktige fagområde gjennom heile emnet.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten

Kunnskap:

  • Breid kunnskap om kvalitetsarbeid og forbetringsarbeid av tenester
  • Breid kunnskap om generelle forvaltningsmessige prinsipp og handlingskompetanse i høve lovverk om tvang og makt
  • Kunnskap om kommunikasjon, relasjonar og konflikthandtering i møte med brukar, pårørande og kollegaer
  • Kunnskap om sosiale problem og levekår, med spesiell vekt på funksjonshemma sin situasjon
  • Kunnskap om samarbeid og samhandling på tvers av fag og nivå
  • Kunnskap om forsvarleg og fagleg tenesteutøving

Ferdigheiter:

  • Kan anvende kunnskap om organisering av tenester og bruk av metodar som førebyggjer bruk av tvang og makt i arbeid med personar med utfordrande åtferd, og grunngje val.
  • Kan anvende fagleg kunnskap om konflikt, kommunikasjon og samhandling
  • Kan anvende kunnskap om miljøarbeid som fremjar medbestemming og myndiggjering
  • Kan reflektere over eigen fagleg utøving 
  • Kan anvende kunnskap om forbetringsarbeid.

Generell kompetanse:

  • kan formidle faglig forståing om kvalitetsarbeid og kommunikasjon. Her inngår teoriar, problemstillingar og løysingar -  både skriftleg, munnleg og gjennom rollespel.
  • kan anvende fagleg kunnskap, planlegge og gjennomføre forbetringsarbeid

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå første og andre studieåret må vere greidd.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Seminar og førelesingar, gruppearbeid, rollespel, prosjektarbeid, munnleg og skriftleg framstilling, og individuelt studium.

Obligatorisk læringsaktivitet

​Følgjande obligatoriske  læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1. 80% deltaking i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning i følgjande tema:

  • seminarundervisning og gruppearbeid
  • litteratursøk
  • kommunikasjon og eigenutvikling
  • kvalitet og forbetringsarbeid
  • frivilligheit og tvang
  • miljøarbeid

2. Eit individuelt skriftleg arbeid i kommunikasjon

3. Skriftleg forbetringsarbeid i gruppe. Ved innsending av skriftleg oppgåve dokumenterer kvar enkelt student sitt bidrag.

Obligatoriske læringsaktivitetar er godkjende i 3 påfølgjande semester

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen med utgangspunkt i skriftleg forbetringsarbeid.

Vurderingsutrykk:

A - F der F er ikkje greidd vurdering.

Ny eksamen:

Dersom det vert stryk på munnleg tek ein ny eksamen med utgangspunkt i eksisterande prosjektplan. Ved stryk på konteksamen må emnet takast på nytt. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Norges lover og/eller Lovsamling for helse- og sosialsektoren med kryssreferansar og understrekingar.

Meir om hjelpemiddel