Å-KR230 Idrett/kroppsøving 2
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhold og oppbygning
Kroppsøving 2 (30 sp) har følgjande faglege innhald og tema:
Eit årsstudium i idrett/kroppsøving utgjer 1.år i ei bachelorutdanning innan idrett og kroppsøving og føl rammeplanen for kroppsøving i grunnskuleutdaninga for 5-10 steg. Gjennom årsstudium i idrett/kroppsøving lærer du korleis du skal leie, organisere og tilpasse bevegelsesaktivitet i kroppsøvingsfaget og i ulike idrettsaktivitetar. Sentralt står utvikling av undervisningskompetanse/trenarkompetanse knytt til variert bevegelseslæring og varierte kroppslige erfaringar. I tillegg til å kunne leggje til rette for aktuelle bevegelsesaktivitetar skal ein kunne tilpassa undervisninga/treninga til den enkelte elev/utøvar sine føresetnader, samt i større grad kunne vurdera eleven/utøvaren si læring og utvikling og kunne gje læringsfremjande/prestasjonsfremjande tilbakemeldingar. Ein skal også læra korleis ein som kroppsøvingslærar og trenar kan bidra til fagleg utvikling og nyttegjere seg kunnskap frå norsk og internasjonal forsking i arbeid med eiga lærarrolle/trenarrolle. Innføring i og praktisk erfaring med forsking og utviklingsarbeid relatert til kroppsøving/trening står sentralt i emnet. Undervisninga føregår både inne og ute, og me reiser på ulike ekskursjonar.
Fagleg innhald og konkretisering av tema:
Faglege teoretiske emne: Fagdidaktikk kroppsøving, vurdering, til passa opplæring, idrett og samfunn, forskingsmetodar og forsking og utviklingsarbeid, friluftsliv, aktivitetslære.
Faglege praktiske emne: Aktiviteslære 1: Idrett, dans, symjing og friluftsliv.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om tilpassa opplæring i regelverk og på bakgrunn av eleven sin vekst og utvikling
- har kunnskap om vurdering i kroppsøving
- har kunnskap om kva som kan fremje bevegelsesglede for barn og unge
- har kritisk kunnskap om kroppen som uttrykk og symbol i samfunn, media og kultur
- har kunnskap om forsking, forskingsbasering og kunnskapsproduksjon i kroppsøving og trening
- har kunnskap om kroppsøving/trening og kroppsleg læring i tverrfagleg perspektiv
Ferdigheiter
- Studenten kan leggje til rette for læringsarbeid som fremjar glede i leik og varierte bevegelsesaktivitetar, på ulike arenaer og i nærmiljøet
- kan gjennomføra skapande undervising der bevegelseserfaring, glede og refleksjon er sentralt
- kan vurdera eleven/utøvaren si kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemeldingar
- kan vurdera elevens måloppnåing, planlegga og grunngje vurderingane og leggje til rette for elevens eigenvurdering
- kan formulere fagdidaktiske problemstillingar og bruke relevant teori og forsking med sikte på å betre undervisning og læring i kroppsøving
- kan gjennomføra utviklingsarbeid knytt til lærarkompetanse/trenarkompetanse
- kan kritisk vurdere ulike aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på undervising og læring i ulike bevegelsesaktivitetar
- kan utvikla eigne ferdigheiter og kunnskaper innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervising i kroppsøving
Generell kompetanse
Studenten
- kan kommunisera med elevar/utøvarar, føresette og kollegaer om kroppsøvingsfaget/trening
- kan bidra til å sjå kroppsøving og bevegelsesaktivitet i tverrfagleg perspektiv
- kan bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving, fysisk aktivitet i skulen og innan trening
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Bygger på Idrett/kroppsøving 1
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte arbeids- og læringsformer i emnet. Dette gjeld både for arbeid med teoretiske og praktiske emne:
Førelesing
Problembasert læring i grupper eller individuelt
Praktisk arbeid med aktivitetar i ulike miljø
Eigenaktivitet
Forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar
Lærar- og studentstyrte oppgåver i studiet
Arbeida med ulike praktisk-metodiske oppgåver i studiet
Rettleiing individuelt eller i grupper
IKT blir brukt til formidling av informasjon til studentane og kommunikasjon mellom studentane og dei tilsette. IKT blir trekt inn i faga der det er naturlig.
Friluftslivturar: Det vert lagt stor vekt på å gjera erfaringar i ulike naturtypar til ulike årstider. Studentane må dekke utgifter til mat, reise og opphald sjølv (ca. 2000 kr).
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar.
- Godkjent gjennomføring av ekskursjonar
- Godkjent presentasjon av ein fagleg artikkel på eit seminar
- Godkjent demonstrasjon av eit undervisningsopplegg der det blir brukt digitale verktøy (individuelt eller i gruppe). Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling med medstudentar
- Framdriftsseminar med godkjent presentasjon knytt til FoU-oppgåve
- Deltaking på friluftsliv ekskursjon med overnatting
Semesterplanen vil gi retningslinjer for arbeidskrava.
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel, i dette emne ca 2000 kr. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
Praktisk eksamen der studenten skal planlegga, gjennomføra og deretter reflektera over eit undervisingsopplegg som inkluderer refleksjon over inkludering og tilpassa opplæring. Tel 25%.
FoU-oppgåve (7,5 studiepoeng). Tel 25%
Praktisk eksamen med munnleg der studenten planlegg og gjennomfører eit undervisningsopplegg og vert høyrt munnleg i aktivitetslære og kropp, kultur, samfunn. Tel 50%
For at emnet skal vere godkjent må alle eksamenar vere vurdert til bestått karakter.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemidler ved eksamen
Ingen
Mer om hjelpemidler