Å-KR130 Idrett/kroppsøving 1
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Eit årsstudium i idrett/kroppsøving utgjer 1.år i ei bachelorutdanning innan idrett/kroppsøving og føl rammeplanen for kroppsøving i grunnskulelærarutdanningane. Gjennom årsstudium i idrett/kroppsøving lærer du korleis du skal leie, organisere og tilpasse bevegelsesaktivitet i kroppsøvingsfaget og i ulike idrettsaktivitetar. Sentralt i studiet er utvikling av undervisningskompetanse i bevegelsesaktivitetar innan leik, motorikk, dans, idrett, friluftsliv og tidsaktuelle bevegelsesformer i barne- og ungdomskulturen. Det vert lagt vekt på fagdidaktisk forståing, vurdering i kroppsøving, medborgarskap, aktivitetslære, treningslære, bevegelseslære, anatomi, fysiologi, kroppsleg læring. Undervisninga føregår både inne og ute, og me reiser på ulike ekskursjonar.
- Faglege teoretiske emne: Fagdidaktikk kroppsøving, leik, motorikk, friluftsliv, aktivitetslære, treningslære, anatomi, fysiologi, bevegelseslære og helse.
- Faglege praktiske emne: Aktiviteslære 1: Leik, motorikk, idrett, dans, symjing og friluftsliv.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om læreplanen i kroppsøving, fagets eigenart og legitimering, og om korleis faget heng saman med andre skulefag
- har kunnskap om å planlegge, -gjennomføre og vurdere undervising i kroppsøving
- har kunnskap om friluftsliv, leik, dans, idrett og tidsaktuelle bevegelsesaktivitetar i barne- og ungdomskulturen
- har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av motorisk utvikling hos barn og unge
- har kunnskap om arbeid med danning og respekt for andre i samband med kroppsøving
- har kunnskap om bevegelsesmiljø, trening, livsstil og helse med sikte på å utvikle ein fysisk aktiv og helsefremmande livsstil hjå elevane
- har kunnskap om bevegelsesmiljø, trening og treningsprinsipp eigna for barn og unge
- har kunnskap om kroppen (anatomi, fysiologi) og kroppen i bevegelse (rørslelære), spesielt med tanke på læring av bevegelsesaktivitetar
Ferdigheiter
Studenten
- kan, ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningslinjer, planlegga, gjennomføra og vurdere undervisning i kroppsøving
- kan nytte kunnskap i faget med formål å inkludera alle elevane i kroppsøving
- kan arbeida tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving
- kan bruka eigne ferdigheiter og kunnskapar om kroppen og kroppen i bevegelse og vidareutvikla desse innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytte av dette i undervisning i kroppsøving og i formidling av ulike bevegelsesaktivitetar til barn og unge
- kan utforska eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
- kan ivareta HMS for barn og unge i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø
- kan planlegga og gje grunnleggande symjeopplæring, utføre livreddande førstehjelp og praktisere trygg ferdsel i, ved og på vatn
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfta kva som er kroppsøving sitt bidrag til felles danning og identitetsskaping til elevane
- kan planlegge og formidle sentrale teoriar og problemstillingar i kroppsøving, og bidra til utvikling av god praksis
- kan kommunisera med ulike samarbeidspartnarar om problemstillingar knytt til kroppsøving, kroppslege læring og ulike bevegelsesaktivitetar
- kan reflektera over fagets innhald og rolle i ein skule med elevmangfald
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte arbeids- og læringsformer i emnet. Dette gjeld både for arbeid med teoretiske og praktiske emne:
- Førelesing
- Problembasert læring i grupper eller individuelt
- Praktisk arbeid med aktivitetar i ulike miljø
- Eigenaktivitet
- Forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar
- Lærar- og studentstyrte oppgåver i studiet
- Arbeida med ulike praktisk-metodiske oppgåver i studiet
- Rettleiing individuelt eller i grupper
Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen.
IKT blir brukt til formidling av informasjon til studentane og kommunikasjon mellom studentane og dei tilsette. IKT blir trekt inn i faga der det er naturlig.
Friluftslivturar: Det vert lagt stor vekt på å gjera erfaringar i ulike naturtypar til ulike årstider.
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent.
- Krav om aktiv deltaking og obligatorisk frammøte frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar
- Godkjent gjennomføring av ekskursjonar og deltaking på friluftslivsturar med overnatting
- Godkjent praktisk-metodiske undervisingsoppgåver
- Godkjente arbeid knytt til oppgåve eksamen
- Godkjente oppgåver knytt til individuell skriftleg eksamen
- Godkjent praksis og oppgåve knytt til praksis
Semesterplanen vil gi retningslinjer for arbeidskrava.
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel, i dette emne ca 300 kr. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
- Del 1: Oppgåve, tel 25% av endeleg karakter. Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for gjennomføring av oppgåva.
- Del 2: Praktisk deleksamen, tel 25% av endeleg karakter.
- Individuell skriftleg skuleeksamen, 5 timar. Tel 50% av endeleg karakter.
Alle delar må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen.
Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel