Hopp til innhald

BACH301 Bacheloroppgave

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhold og oppbygning

Bacheloroppgåva er eit forskingsbasert skriftleg arbeid der kandidatane skal formulere og svare på ei valt problemstilling. Oppgåva knytast opp mot studentane si fordjuping eller eit av kunnskapsområda og skal reflektere sentrale faglege og/eller pedagogiske tema knytt til barnehagefeltet.

Det kan være moglegheiter for å inngå samarbeid om datainnsamling med barnehagefaglege forskarar ved HVL. Meir info om dette vil i tilfelle bli opplyst om ved emnestart.

Rettleiar skal godkjenne problemstillinga, og metode må passe saman med valt problemstilling.

Bacheloroppgåva er eit gruppearbeid der 2 eller 3 studentar skriv saman. Studentar med krav om særleg tilrettelegging kan søka om å skrive åleine. 

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om vitskapsteori, forskingsmetode og forskingsetikk
  • har utvida kunnskap om sentrale faglege problemstillingar og barnehagefagleg forsking knytt til tema for oppgåva.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere og drøfte ei barnehagefagleg problemstilling
  • kan gjere etiske vurderingar og anvende vitskapsteoretisk og metodisk kunnskap i utforminga av bacheloroppgåva
  • kan analysera og formidla vitskapleg  fagstoff, munnleg og skriftleg

Generell kompetanse

Studenten

  • har grunnleggjande ferdigheiter i akademisk skriving
  • kan vise til innsikt og kritisk refleksjon i profesjonsrelevante spørsmål
  • kan bruke forskingsbasert kunnskap til å vidareutvikle profesjonsfagleg kompetanse, profesjonen og barnehagen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Arbeid med bacheloroppgåva er forskingsførebuande og er det sentrale i emnet.

Studentane må bu seg på å bruke størstedelen av arbeidstida i studiet til sjølvstendig arbeid knytt til arbeid med oppgåva. Undervisninga vil bestå av forelesningar om vitskapsteori og forskingsmetode, seminarundervisning og rettleiing direkte knytt til arbeid med bacheloroppgåva.

Rettleiing

Rettleiing vert gitt på grunnlag av innsendt skriftleg materiale. Studenten skal møte førebudd. Studentar som ikkje har sendt inn materiale til avtalt tid eller som ikkje er  førebudd, kan avvisast.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentaktive læringsaktivitetar som er obligatoriske må være godkjent for at studenten skal få gå opp til eksamen. Dersom studenten ikkje får godkjent, vert det høve til eit nytt forsøk i same studieår. Det er fire arbeidskrav:

  • Deltaking på seminar
  • Deltaking på metode- og vitskapskurs
  • Prosjektplan som godkjennast av rettleiar. Det vert lagt særleg vekt på at studentane viser innsikt i forskingsetikk.
  • Rettleiing. Ei obligatorisk rettleiingsøkt etter godkjent prosjektplan.

Utfyllande informasjon vil bli gitt ved semesterstart.

Vurderingsform

Bacheloroppgåva skal enten vurderast i si heilheit som ein skriftleg rapport som tel 100 %, eller beståande av to delar som utgjer ein heilheit: ein praktisk-estetisk del som tel 40 % og ein rapport som tel 60 %.

 

Omfang for gruppeoppgåve: 13 000 +/- 10 % ord. Ved innvilga individuell oppgåve: 9 000 +/- 10 % ord. Ved praktisk-estetiske delsvar, forventar ein eit omfang på 7 000 +/- 10 % ord for innvilga individuell oppgåve og 8 000 +/- 10 % ord for gruppeoppgåver.

 

Ei bacheloroppgåve som er vurdert til ikkje bestått kan omarbeidast og leverast inn for ny vurdering. Studentar som skal levere på nytt må gjennomføre ein obligatorisk rettleiing. Innlevering av omarbeida oppgåve kan berre skje ein gong. Ved tredje forsøk må det leverast ei heilt ny oppgåve. Ny prosjektplan må godkjennast før innsamling av nytt empirisk materiale.

 

Vurdering av bacheloroppgåva blir gjort av ein intern og ein ekstern sensor. Oppgåva blir vurdert etter karakterskala A-F, der A er best og F er ikkje bestått.

Hjelpemidler ved eksamen

Alle

Mer om hjelpemidler