BARN140 Bruk av aktivitetar i miljøterapeutisk arbeid
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
I emnet vert studenten introdusert for miljøarbeid og miljøterapi som omgrep og arbeidsform og korleis nytte dette i arbeid med utsette barn og unge. Undervisning i aktivitetsfaga er tilpassa bruk av aktivitetar saman med born og unge i barnehage og skule som oppvekstarena. Emnet er førebuande til praksis i emnet BARNP1 Praksis i miljøterapeutisk arbeid i barnehage og skule.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
- har kunnskap om ulike pedagogiske metodar og tiltak i miljøterapeutisk arbeid og utviklingsstøttande omsorg.
- har kunnskap om korleis forstå miljøarbeid og miljøterapi i barnevernet, og korleis bruke aktivitetsfag i miljøterapeutisk arbeid.
- har kunnskap om ungdom, marginalisering og sosial eksklusjon.
- har kjennskap til fagdebattar forsking og utviklingsarbeid med relevans for sosialpedagogisk arbeid med barn og unge.
Ferdigheit:
Studenten...
- kan nytte fleirfagleg kunnskap til å vurdere barns beste i miljøterapeutisk arbeid.
- kan planlegge og gjennomføre ulike aktivitetar med barn og unge som fremjar, leik, læring, inkludering, meistring og deltaking.
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan legge til rette for aktivitetar for barn og unge, og grunngje skriftleg og munnleg bruken av aktivitet i ein miljøterapeutisk samanheng..
- har innsikt i miljøarbeid og miljøterapi som metode i barnevernsfagleg arbeid.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
- BBARN100 Barnevernspedagogen sitt fag og yrkesfelt
- BBARN110 Danning og akademisk handverk
- BBARN120: Barnevernet i velferdsstaten
- BBARN130: Barn og unges oppvekst og utvikling
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings og læringsformer vekslar mellom forelesing, seminar, gruppearbeid, arbeid i basisgrupper og praktiske aktivitetar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- 80 % frammøte i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning, gruppearbeid og ferdigheitstrening knytt til aktivitetsfaga
Godkjende læringsaktivitetar er gyldig i 3 semester
Vurderingsform
Eksamen
Skriftleg individuell heimeeksamen over 3 dagar. Omfang: 1500 ord +/- 10%.
Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Ny eksamen
Ny eksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BVP5-311 - Utvikling av positive læringsmiljø - Reduksjon: 5 studiepoeng
- BVP5-205 - Kommunikasjonskompetanse, ungdom og marginalisering - Reduksjon: 2,5 studiepoeng