Hopp til innhald

BI424 Botanikk grunnkurs

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Systematikk og evolusjonær utvikling hos plantar, protistar og sopp, og slektskap mellom desse gruppene. Morfologi, livssyklusar og livsformer. Introduksjon til biologisk mangfold hos planter, og nnføring i floristikk: ca. 360 taxa (artar, slekt, familiar). Bruk av floranøklar. Kurset legg grunnlag for å forstå økologiske prosessar på samfunns- og økosystemnivå, og for å kjenne att vanlege norske økosystem.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten skal:

  • Forstå korleis livet har oppstått på jorda og korleis plantar, sopp og protistar har utvikla seg gjennom evolusjonen.
  • Kjenne den generelle morfologien til lågare og høgare planter og sopp.
  • Kjenne vanlege planteartar i vanlege norske naturtypar.

Ferdigheiter

Studentens skal:

  • kunne gjere greie for livssyklusar og tilpasningar til livet på land hos utvalde grupper av protistar, sopp og planter.
  • kunne beskrive kjenneteikn på vanlege norske plantefamiliar.

Generell kompetanse

Studenten skal:

  • kunne bestemme om lag 100 taxa av sopp og lågare planter og om lag 265 taxa av høgare planter (240 artar og 20-25 slekter/familiar).
  • kunne bruke flora og floranøklar til bestemming av planter.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid, feltundervisning, laboratorieøvingar

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking på 5-8 ekskursjonar og godkjent laboratoriejournal frå åtte laboratorieøvingar.

Vurderingsform

1) Skriftleg skuleeksamen, 4 timar, 67%.

2) Praktisk eksamen, artsprøve, 1 time, 33%.

Karakterskala: A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

1) Skriftleg eksamen: ingen

2) Artsprøve: alle ikkje-digitale hjelpemidlar tillete (med unntak av eige, pressa plantemateriale)

Meir om hjelpemiddel