BIDR104 Idrett og aktivitetslære 1
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje ei grunnleggande opplæring i eit utval idrettar og bevegelsesaktivitetar. Med utgangspunkt i ulike lagidrettar, individuelle idrettar og andre bevegelsesformer skal studenten utvikle praktiske ferdigheiter, eigen kroppsleg erfaring og tileigne seg teoretisk kunnskap. Dette skal vidare gje grunnlag for å styrke ferdigheiter i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing av aktivitet for grupper på ulike ferdigheitsnivå og med ulike føresetnadar. Aktiviteten skal og gi ei forståing av fysisk aktivitet sin betydning for vår helsetilstand gjennom livsløpet. For studentar som ynskjer trenarsertifisering i utvalte idrettar (eks. fotball) må ekstra arbeidsoppgåver påreknast. Delar av Grasrottrenar i Norges fotballforbund (NFF) sin trenarstige blir godkjent etter gjennomført emne.
Emnet blir organisert som emnekurs med lærarstyrt og studentstyrt undervisning og eigenaktivitet. Emnet strekker seg over to semester og dei ulike kursa vil variere i omfang. Hovudfokuset i kurset vil være på individuelt nivå m.h.t. ferdigheitslæring og forståing av idrettane/aktivitetane. Det blir gjennomført punktpraksis i aktivitetsleiing med omfang 20 timar innan idrett eller skule som del av emne. Praksis for fotballstudentar blir gjennomført på klubbnivå. Emnet omfattar også Norges idrettsforbund (NIF) sitt barneidrettstrenarkurs som gjer studentane kvalifisert til å gjennomføra ulike aktivitetar for born under 12 år.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om eit utval idrettar og bevegelsesaktivitetar
- kan erfare og reflektere over eigen ferdigheitslæring og tilrettelegging for andre i utvalde idrettar
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
Ferdigheiter
Studenten
- kan øve på og syne sentrale ferdigheiter i aktivitetane
- kan reflektere over eiga utøving og justere denne under rettleiing
- kan reflektere over kva tilnærming som fungerer godt i høve ferdigheitsutvikling i nokre utvalde idrettar
- kan vise ferdigheit i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike ferdigheitsnivå
Generell kompetanse
Studenten
- kan delta i samhandling med andre og arbeide sjølvstendig med aktivitetane
- kan forklare, observere, analysere og vurdere tekniske, taktiske og didaktiske element i aktivitetane
- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid
- kan gjennomføre livredning i, ved og på vann ute i naturen og gje livreddende førstehjelp, inkludert hjarte- og lungeredning (HLR)
- kan drive variert aktivitet for born under 12 år
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til praktisk undervisning, der teori blir integrert gjennom tileigning av praktisk erfaring. I einskilde kurs er det òg teoretiske timar og førelesingar. Gruppe- individuelt arbeid med fokus på studentaktive læringsformer inngår og som ein viktig del av emnet. Det blir gjennomført punktpraksis i aktivitetsleiing med omfang 20 timar innan idrett eller skule som del av emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Aktiv deltaking i obligatorisk undervisning skal gje studenten kunnskap om og refleksjon over aktiviteten og kunne samhandle med andre
- Punktpraksis innan idretten eller skulen (20 t) skal gje studenten erfaring i å planlegge, organisere, tilrettelegge og rettleie på ulike ferdigheitsnivå
- Praksisrapport basert på planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetsopplegg
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av trening i undervisning og eigentrening, og som blir loggført i treningsdagbok
- Kurset Barneidrettstreneren frå NIF
- Praktisk prøve i livberging i vatn i kombinasjon med HLR
Vurderingsform
Individuell praktisk eksamen med påfølgande munnleg eksaminasjon (totalt 40 minutt).
Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
I førebuingsfasen og til den praktiske gjennomføringa av eksamen kan alle hjelpemiddel nyttast.
Meir om hjelpemiddel