Hopp til innhald

BIO203 Medisinsk laboratorieteknologi II - Immunologiske metoder

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhold og oppbygning

Medisinsk laboratorieteknologi omhandler prinsipp for ulike laboratorieanalysar og metodikk som anvendast i dei medisinske laboratoria på tvers av spesialitetar. For å gje studentane innsikt og forståing for medisinsk laboratorieteknologi byggjer emnet både på teori og praktiske laboratorieerfaringar. Medisinsk laboratorieteknologi II omhandlar spektrofotometri og ulike immunologiske teknikkar.

Hensikta med emnet er å gje studenten metodekunnskap for bruk i de medisinske emna. Emnet er delt inn i fylgjande tema:

• Sepektrofotometri med vekt på ulike spektrofotometriske deteksjonsprinsipp 

• Klassifisering og grunnleggjande prinsipp for immunologiske teknikkar 

• Fordelar og ulemper ved immunologiske teknikkar 

• Meir detaljert metodeprinsipp for utvalgte immunologiske teknikkar 

• Preanalytiske forhold som påvirker analyse resultat ved bruk av spektrofotometri og immunologiske teknikkar 

• Praktisk laboratoriearbeid med immunologiske teknikkar og metodar.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har studenten følgende læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

• Kan forklare spektrofotometri med vekt på deteksjonsprinsipper

• Kan forklare overordna prinsipp for immunologiske teknikkar, og meir detaljerte prinsipp for utvalgte immunologiske teknikkar

• Kan forklare ulike deteksjonsprinsipp for immunologiske teknikkar 

• Kjenner til metodar og utstyr for ulike typar immunologiske teknikkar

Ferdigheiter

Studenten

• Kan sjølvstendig utføre laboratorieanalyser etter ein prosedyre

• Kan meistre ulike teknikkar, utstyr og instrumentering for immunologiske teknikkar innan medisinske laboratorieanalyser 

• Kan vurdere analysesvar for immunologiske teknikkar, deira pålitelegheit og kvaliteten av laboratoriearbeidet 

• Kan presentere og diskutere laboratorieanalyser og analysesvar 

• Kan skrive ein naturvitskapleg rapport.

Generell kompetanse

Studenten

• Kan reflektere over eige kompetanseområde og fagleg utøving 

• Kan arbeide både sjølvstendig og i grupper

Krav til forkunnskaper

Tilsvarende krav til opptak i andre studieår som definert i studieplan for bioingeniørutdanningen.

Anbefalte forkunnskaper

• BIO173 Organisk kjemi og biokjemi

• BIO174 Cellebiologi

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta varierte undervisningsformer i emnet, så som e-læring, oppgåver, førelesingar, medstudentvurdering og kunnskapstestar - både i grupper og individuelt, samt diskusjonsforum. Studentane får tilbakemeldingar og rettleiing på praktisk laboratoriearbeid og innleverte arbeidskrav. Det vert krevd godkjente individuelle kunnskapstestar før studenten får gjennomføre laboratorieøvingane. Den digitale læringsplattforma Canvas nyttast i faget. Studentane utfører digitale kunnskapstestar og leverer skriftlige arbeid på Canvas. 

Obligatorisk læringsaktivitet

3 individuelle kunnskapstestar, 3 laboratorieøvingar, 3 innleveringar etter fullført laboratoriearbeid. Desse innleveringane kan vere i form av rapport, munnleg presentasjon, med-studentvurdering eller posterpresentasjon, dette vert presisert ved semesterstart. 

Det blir berre sett opp eit laboratoriekurs i emnet. Studentar som ikkje er til stades, eller av andre grunnar ikkje får godkjend obligatorisk laboratoriekurs, vil difor ikkje kunne ta nytt laboratoriekurs inneverande semester. Studentar som ikkje får godkjend laboratoriekurs må vente til neste gong emnet blir undervist. 

Ein student har berre rett på 2 forsøk i eit laboratoriekurs totalt.

Godkjende arbeidskrav er gyldig i seks påfylgjande semester.

Vurderingsform

Digital skuleeksamen, 3 timar.

Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikkje greidd.

Hjelpemidler ved eksamen

Enkel kalkulator

Mer om hjelpemidler