Hopp til innhald

BIO206 Medisinsk laboratorieteknologi III

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Medisinsk laboratorieteknologi omhandlar prinsipp for ulike laboratorieanalysar og metodikk nytta i dei medisinske laboratoria på tvers av spesialitetar. For å gje studentane innsikt og forståing for medisinsk laboratorieteknologi byggjer emnet både på teori og praktiske laboratorieerfaringar.

Medisinsk laboratorieteknologi III omhandlar kvantitative instrumentelle analyser med vekt på validering og vurdering av analysekvalitet. Emnet er delt inn i fylgjande tema:

  • Ulike elektrokjemiske deteksjonsprinsipp ved instrumentelle analyser med fokus på ioneselektive elektroder.
  • Biosensorar.
  • Automasjon.
  • Kalibrering og sporbarhet og ulike standard metodar.
  • Kvalitetssikring av analyser, kvalitetssystem, intern og ekstern kvalitetskontroll og standardisering.
  • Vurdering av analysekvalitet, herunder metodevalidering, interferensstudier, holdbarhetsstudier og samanlikning av metodar.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har studenten fylgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse: 

Kunnskap

Studenten

  • Kan forklare ulike deteksjonsprinsipp ved instrumentelle laboratorieanalyser
  • Kan forklare kva er ein biosensor, samt når og korleis ein bruker biosensorar
  • Kan greie ut om overordna prinsipp for automatisering og robotisering av medisinske laboratorieanalyser
  • Kan greie ut om kvalitetssikring av analyser, kvalitetssystem, samt intern og ekstern kvalitetskontroll
  • Kan greie ut om prinsipp for metodevalidering, interferensstudier og holdbarhetsstudier i det medisinske laboratoriet

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan sjølvstendig utføre laboratorieanalyser etter standardiserte prosedyrer.
  • Meistrar ulike teknikkar, utstyr og instrumentering innan medisinske laboratorieanalysar.
  • Kan utføre og vurdere ei kalibrering, samt validere prøvesvar og analysekvalitet.
  • Kan skrive ein naturvitskapeleg rapport.

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan reflektere over eigen kompetanse og fagleg utøving
  • Kan gje sine medstudentar/medarbeidarar fagleg begrunna tilbakemeldingar

Krav til forkunnskapar

Tilsvarende krav til opptak i andre studieår som definert i studieplan for bioingeniørutdanninga.

Tilrådde forkunnskapar

  • BIO200 IKT og anvendt bioinformatikk
  • BIO201 Hematologi og immunologi
  • BIO203 Medisinsk laboratorieteknologi II

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vert undervist i to modular på tre veker.

Det vert nytta ulike undervisningsformer i emnet: Laboratoriekurs med utføring av praktiske øvingar, førelesingar, kortfilm og diskusjonar. Studentaktive læringsformer vert vektlagde og studentane får rettleing i praktisk laboratoriearbeid, ved utføring av dataanalysar og rapportskriving. Det vert krevd godkjend individuelle arbeidskrav (som t.d. kunnskapstestar) før studenten får gjennomføre laboratorieøvingane. Det er obligatorisk oppmøte til laboratorieøvingane. Tidspunkt for obligatorisk oppmøte vert presisert ved kursstart. Praktisk utføring av laboratoriekurs vert vurdert for godkjenning. Etter dei har fullført laboratorieøvingane, skal studentane levere skriftlege rapportar til fastsette tidsfristar.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjend innan gitte tidsfristar for å få vurdering i emnet.

Den digitale læringsplattforma Canvas vert nytta i emnet. Studentane utfører digitale testar og leverer skriftlege arbeid på Canvas. Digitale læringsressursar er tilgjengeleg på nettsida ePraksis.no.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • 4-6 digitale kunnskapstestar
  • 4-6 laboratorieøvingar med praktisk laboratoriearbeid
  • 4-6 skriftlege rapportar

Digitale kunnskapstestar skal utførast individuelt. Nokre rapportar skal studentane skrive individuelt og nokre rapportar skal 2-3 studentar skrive saman, dette vert presisert ved semesterstart.

Godkjende arbeidskrav er gyldig i seks påfølgjande semester etter godkjenning.

Det blir berre sett opp eit laboratoriekurs i emnet. Studentar som ikkje er til stades, eller av andre grunnar ikkje får godkjend obligatorisk laboratoriekurs, vil difor ikkje kunne ta nytt laboratoriekurs inneverande semester. Studentar som ikkje får godkjend laboratoriekurs må vente til neste gong emnet blir undervist. 

Ein student har berre rett på 2 forsøk i eit laboratoriekurs totalt.

Vurderingsform

Mappevurdering:

Etter endt undervisning skal studenten levere to rapportar til vurdering som tidlegare er levert som arbeidskrav:

  • Ein individuell rapport.
  • Ein grupperapport.

For store og omfattande rapportar kan utvalgte deler av rapporten verte vurdert. Tjuefire timar før frist for innlevering av vurderingsmappa, får studentane informasjon om kva arbeidskrav som skal leverast og kva deler av rapportane som vert vurdert. Informasjon om innlevering og vurdering av vurderingsmappa blir opplyst på Studentweb og Wiseflow. Vurderingsmappa leverast i den digitale vurderingsplattforma Wiseflow.

Karakterskala A-F vert nytta, der F tilsvarar ikkje greidd. 

Det vert gjeve ein individuell karakter i emnet. Når individuelt arbeid og gruppearbeid vert vurdert til ulike karakterar, slik at total vurdering fell mellom to bokstavkarakterar, vil det individuelle arbeidet vektleggjast ved endeleg karaktersetting.