BRL107 Opplevingsutvikling
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Gjennom emnet skal studentane bli kjend med ulike måtar å analysere og forstå opplevingar i reiselivet og få kjennskap til system/ verktøy som kan nyttast til å kvalitetssikre og vidareutvikle salgbare opplevingsprodukt .Emnet koplar teori og praksis ved at studentane brukar teori inn mot erfaringar frå eigen tre vekers praksis.
Emnet går over to semester, der studentane i første semester byrjar med obligatorisk førpraksisseminar før dei skal ut i tre vekers praksis. I andre semester skal studentane levere praksisrapport med refleksjonar rundt opplevingsprodukt dei fekk erfaring med gjennom praksisperioden. Desse erfaringane blir så nytta inn mot teori og verktøy knytt til kvalitetssikring og videreutvikling av opplevingsprodukt.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om opplevingsøkonomien og ulike måter å analysere og forstå kommersielle opplevingar.
- Har kunnskap om korleis ein kan vurdere og teste opplevingsprodukt.
- Har kunnskap om korleis ein kan nytte kunder og ansatte i utvikling av opplevingsproduktFerdigheter
- kan meistre faglege verktøy for vurdering og vidareutvikling av opplevingsprodukt og utvikling av nye opplevingsprodukt.
- kan nytte tilsette, kundar og kundeinformasjon som ein ressurs i forbetrings- og utviklingsarbeid
Generell kompetanse
Studenten:
- kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og problemstillingar.
- kjenner til og har erfaring med arbeid med vidareutvikling av opplevingsprodukt i små- og mellomstore verksemder.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Emnet bygger på emna Reiselivskunnskap, Organisasjonsteori, Marknadsføring og Storytelling og erfaringsbasert marknadsføring
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppearbeid, praksis og seminar
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskravet er knytt til praksis i slutten av fjerde semester. Studentane skal ut i tre vekers praksis i ei reiselivsverksemd som tilbyr opplevingsprodukt. Arbeidskravet inneheld praksisseminar i førekant av praksis, tre veker praksis, etterfylgjande praksisrapport og muntleg presentasjon. Arbeidskravet vert vurdert ut i frå greidd/ ikkje greidd.
Vurderingsform
Skriftleg 3-dagers heimeeksamen, vurdert frå A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Ved innlevering av skriftleg individuell oppgåve er alle skriftlege kjelder tillatt.
Meir om hjelpemiddel