FE408 Berekraftig energiomstilling
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Kurset handlar om berekraftig omstilling av samfunnet og av energisystemet frå eit samfunnsmessig perspektiv. Energisystemet inkluderar produksjon, transport, lagring og forbruk av energi. Kurset har fire delar. 1) Få ei oversikt over dei viktigaste sosiale, politiske og økonomiske argumenta for å styre den teknologiske utviklinga i berekraftig retning. 2) Få oversikt over dei ulike teknologiske komponentane i energisystemet frå eit samfunnsmessig perspektiv og korleis desse har endra seg og må endre seg over tid, 3) Definere, måle og bruke omgrepet berekraft på energisystemet, og 4) Bruke sentrale omstillings- og innovasjonsteoriar på samfunnet og energisystemet.
Læringsutbytte
Emnet skal gje innsikt i dei viktigaste miljømessige, sosiale, økonomiske, teknologiske og politiske føresetnadane for ei berekraftig omstilling av energisystemet.
Kunnskap
- Studenten skal ha kunnskap om omgrep som berekraftig utvikling, innovasjon og energiomstilling.
- Studenten skal ha kunnskap om korleis omgrepet berekraftig utvikling kan definerast, målast og brukast på energisystemet på globalt, nasjonalt og lokalt nivå.
- Studenten skal ha kunnskap om FN sine berekraftsmål og kva mål som er særleg relevante for energisystemet.
- Studenten skal kjenne til sosiale, teknologiske og politiske vilkår for ei berekraftig omstilling av energisystemet
- Studenten skal kjenne til dei samfunnsøkonomiske argumenta for når og kvifor myndigheitene bør styre teknologisk innovasjon og kva verkemiddel myndigheitene kan ta i bruk.
- Studenten skal ha kunnskap om dei viktigaste samfunnsøkonomiske argumenta for når myndigheitene bør bruke økonomiske verkemiddel som skatt og subsidiar for å styre den teknologiske utviklinga, og korleis desse bør utformast.
Ferdigheter
- Studenten skal kunne gjere greie for omgrepet berekraftig utvikling.
- Studenten skal kunne vurdere kravet til omstilling av energisektoren opp mot historiske eksempel på omstilling av denne og andre sektorar.
- Studenten skal kunne bidra med kunnskap til relevante aktørar om sentrale verkemiddel for å omstille energisystemet.
Kompetanse
- Studenten skal ha kompetanse om korleis energisystemet kan omstillast for å nå globale og nasjonale klima- og berekraftsmål, og samanlikne dette med historiske eksempel, med vekt på teknologisk endring.
- Studenten skal kunne bruke sentrale omstillings- og innovasjonsteoriar for å forstå dei viktigaste teknologiske, sosiale, økonomiske og politiske føresetnadane for ei berekraftig omstilling av energisystemet.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
FE401, FE405, FE406, FE410 og FE411
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, gjesteforelesningar, innleveringar og øvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Tre (3) skriftlege innleveringar beståande av til saman 5000 ord utan referansar. Tre av tre innleveringar må vere godkjent (bestått) før ein kan gå opp til eksamen.
Deltaking på ekskursjonar.
Vurderingsform
Mappevurdering med justerande munnleg eksamen.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Mappa består av:
- tre oppgåver, totalt omfang på minimum 5000 ord (ekskludert referanseliste).
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel