FK210 Kommunikasjon og norsk
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Vert undervist med 8 timar i veka.
Kommunikasjonsteori og munnleg framstilling
- Kommunikasjonsprosessar
- Mål- og mottakaranalyse
- Samarbeid og gruppefunksjonar
- Presentasjonsteknikk og retorikk
Skriftleg framstilling
- Språklege verkemiddel
- Argumentasjon og retorikk
- Syntaks
- Pragmatikk
- Andre grammatiske emne
- Akademisk skriving og referansar
- Skriveprosessen
- Kjeldekritikk
- Sidemål
Sjangerlære
- Rapport
- Formelle brev og CV
- Møteinnkalling
- Instruksjon
- Referat
- Debattinnlegg
- Artikkel
Læringsutbytte
Kunnskap Kandidaten har
- kunnskap om kommunikasjonsprosessar og korleis språket kan brukast som verktøy i forhold til situasjon, mål og mottakar
- kunnskap om betydinga kulturelle element har i kommunikasjonsprosessar
- kjenner til ulike sjangrar i sakprosa og skjønnlitteratur og viktige forhold i språkutviklinga
- kunnskap om likskapar og ulikskapar i bokmål og nynorsk og dei viktigaste særtrekka
- kunnskap i engelsk relatert til teknologi
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- definere kommunikasjonsmål og velje egna nivå og form på det som skal formidlast i forhold til mottakar og situasjon
- strukturere eigne tekstar og bruke relevante verkemiddel for form og tekstsamanbinding
- uttrykke seg skriftleg formelt korrekt, på norsk og engelsk, i ulike funksjonelle tekstar som kan vere aktuelle for ein ingeniør
- planlegge, strukturere og gjennomføre ulike former for munnlege presentasjonar på norsk og engelsk
- analysere bruken av ulike verkemiddel i skjønnlitteratur og sakprosa, saksframstilling og argumentasjon
Generell kompetanse
Kandidaten kan
- utforme klare, målretta og brukarvennlege rapportar, øvings- og prosjektdokument
- kommunisere effektivt i grupper
- planlegge og gjennomføre møter og diskusjonar
- innhente informasjon frå ulike kjelder og bruke desse kritisk i eigne arbeid
- setje opp ei kjeldeliste korrekt
- uttrykke seg skriftlig og munnleg på norsk og engelsk gjennom ulike medium
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
- Forelesingar
- Øvingsoppgåver i grupper og individuelt
- Munnlege presentasjonar
- Tverrfagleg prosjektarbeid
- Arbeid med mappe
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane skal ha ei munnleg framføring på engelsk. Aktiv deltaking i tverrfagleg prosjektarbeid.
Vurderingsform
Arbeidsmappe: ca 10 skriftlege innleveringar, to typar: "korttekstar og langtekstar". Minst ei innlevering skal vere ein munnleg presentasjon med videoopptak.
Vurderingsmappe (vekt 40%) : Studenten skal levere ei vurderingsmappe som skal innehalde 5 tekstar. Mappa skal innehalde minst ein langtekst. Dei fire andre tekstane vel studenten sjølv. Minst ein av tekstane skal vere på sidemål, og minst ein av tekstane skal vere på engelsk.
Skriftleg eksamen, 5t (vekt 60%). Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ordbøker til- og frå alle språk
Meir om hjelpemiddel