FK211 Matematikk
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Vert undervist med 13 timar i veka. Aritmetikk og algebra Mengdelære, likningar og ulikskapar Generell geometri Trigonometri Funksjonar Grenseverdiar og kontinuitet Derivasjon Trigonometriske funksjonar Eksponential- og logaritmefunkjsonar Vektorar Integrasjon Differensiallikningar Rekkjer Sannsynsrekning Kombinatorikk Bruk av Geogebra
Læringsutbytte
Med bestått eksamen/vurdering i faget skal kandidaten ha følgjande samla læringsutbyte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- har grunnleggjande kunnskap om matematikk som fundament for dagens teknologiske samfunn.
- har kunnskap om matematiske tema som er grunnleggjande for teknologiske fag.
- kjenner til faget sine sentrale metodar og kan definere og forklare dei viktigaste omgrepa i geometri, algebra, funksjonar og differensiallikningar
- kjenner til faget sine sentrale metodar relatert til kombinatorikk og sannsynsrekning og kan definere og forklare desse.
- Kandidaten har grunnleggjande kunnskap om bruk av digitale verktøy til utrekningar og visualisering.
Ferdigheiter
Kandidaten
- har solide rekneferdigheiter i algebra og det generelle grunnlaget i matematikk til å kunne fortsette på ingeniørutdanning eller integrert master i teknologi.
- kan løyse problem innanfor hovudområda geometri, algebra, funksjonar, differensiallikningar og sannsynsrekning.
- kan bruke regneferdigheiter i matematikk på problemstillingar frå fysikk.
- kan uttrykkje seg presist ved bruk av matematisk notasjon.
Generell kompetanse
Kandidaten
- har evne til abstrakt tenking og forståing for korleis logisk og analytisk tankegang blir brukt innan matematikkfaget.
- kan reflektere over mulege bruksområde for dei ulike hovudområda i emnet.
- kan kommunisere med andre om realfaglege problemstillingar ved å nytte matematiske omgrep og storleikar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og oppgåveløysing individuelt og i grupper
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Mappe (vekt 40%, 2 innleveringar, 4 prøvar på 2 timar, 2 heildagsprøvar).
Skriftleg eksamen, 5t ( vekt 60%). Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator med grafisk display, formelsamling.
Meir om hjelpemiddel