Hopp til innhald

FK213 Teknologi og samfunn

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

  • Teknologi, nærings- og samfunnsutvikling
  • Etikk og normer
  • Ingeniørrolla og ingeniørarbeid
  • Tverrfagleg arbeid og prosjekt

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten har

  • kunnskap om demokrati og korleis samfunnet er organisert
  • kjennskap til korleis private og offentlege organisasjonar i arbeidslivet fungerar
  • kjennskap til lover og forskrifter og korleis desse vert utvikla og brukt
  • kunnskap om kva som karakteriserer teknologiutviklinga historisk og geografisk
  • kunnskap om teknologi som grunnlag for samfunnsengasjement og samspelet mellom teknologi, samfunn, økonomi og miljø

Ferdigheiter Kadidaten kan

  • vurdere og diskutere, munnleg og skriftleg, enkle teknologiske produkt og prosessar og kva konsekvensar desse har for samfunn og miljø
  • gjere greie for sentrale utviklingstendensar og hovudstrukturen i norsk næringsliv, samt den betydinga globalisering og kulturskilnader har for teknologi, nærings- og samfunnsutvikling
  • gjere greie for prinsipp for samfunnvitskapleg tenking
  • bruke etiske prinsipp i sine vurderingar og val

Generell kompetanse.

Kandidaten forstår

  • betydinga av ikkje-tekniske ferdigheiter i arbeidet sitt med teknologiske løysingar
  • betydinga av innovasjon og entreprenørskap
  • betydinga av samarbeid og tverrfagleg samarbeid

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Øvingar
  • Prosjektarbeid.

ca 3 timar per veke

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Ein presentasjon av eit fagleg emne for resten av klassen
  • Godkjend deltaking i eit tverrfagleg prosjekt:
  • Rapportskriving

Vurderingsform

Skriftleg eksamen 4t, vekt 60%.

Mappe, vekt 40%: Rapport i tverrfagleg prosjekt + 3 innleveringar.

Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel