GE481 Ingeniørgeologi, geoteknikk og overvaking av ustabile fjellsider
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Del A (Fjell):
- Ingeniørgeologisk klassifisering av fjellmassar med fokus på diskontinuitetar, slik som foliasjon, forkastingar og sprekkar og deira skjerstyrke. Innføring i Q-systemet.
- Spenningar i naturlege fjellskråningar, i tunnelar, utsprengde fjellskråningar og vegskjeringar.
- Innføring i ulike typar instabilitetar i fjellmassar, slik som utglidingar langs enkel sprekkeflate, kileforma utgliding, utvelting, utgliding langs krumma plan eller langs plan med fleire sprekkeflater.
- Innføring i datainnsamlingsmetoder og metodar for stabilitetsanalyse av fjellskråningar, berekning av sikkerheitsfaktor for planutgliding med hand, og med dataprogram. Ein dag i felt for å samla inn eigne data frå ei vegskjering.
- Gjennomgang av ulike sikringstiltak mot utgliding.
Del B (Lausmassar):
- Geotekniske eigenskapar til ulike lausmassar.
- Spenningar i jord; totalspenning, poretrykk og effektiv spenning.
- Skjerfastheit/skjerstyrke.
- Analysera og berekna sikkerheitsfaktor for translasjonsskred og rotasjonsskred i lausmassar - med hand og med dataprogram.
Del C (Overvaking):
Den første eller andre veka i juni er obligatorisk og inkluderer førelesingar, felttur og øvingar om overvaking av ustabile fjellparti i Noreg. Ein av dagane i den veka går me opp til det ustabile fjellet Joasetebergi mellom Aurland og Flåm, og lærer om korleis fjellet er instrumentert og korleis det vert overvaka. Studentane skal seinare i veke føreslå eit oppsett for instrumentering av eit ustabilt fjellparti i Noreg som ikkje vert overvaka, eller tolka eit sett med data innsamla frå eit ustabilt objekt som vert overvaka. Dette forslaget, eller tolkinga skal presenterast munnleg.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- forstår omgrepet sikkerheitsfaktor for fjell- og lausmasseskråningar.
- har innsikt i ulike metodar og ulike instrument som blir brukte for å overvaka ustabile fjellsider.
Ferdigheiter
Studenten skal kunna:
- klassifisere ulike lausmassar og fjellmassiv med omsyn på geotekniske og ingeniørmessige eigenskapar.
- analysera stabiliteten til ein skråning ved å berekna sikkerheitsfaktoren med hand, med rekneark og med ulike dataprogram.
Generell kompetanse
Studenten skal vera i stand til å:
- gjera ein sensitivitetsanalyse for ei bestemt skråning og bestemma kva for variablar som er mest kritiske for ei potensiell utgliding.
- designa og planleggja eit overvakingsprogram for eit ustabilt fjellparti.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
GE406: Geologi grunnkurs
GE407: Anvendt geofysikk
GE408: Mineralogi og petrografi
GE414: Strukturgeologi og tektonikk
FY400: Innføring i fysikk
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, øvingar og felttur/feltarbeid (to dagar).
Obligatorisk læringsaktivitet
Godkjende øvingar, deltaking på feltarbeid/felttur, laga og framført ein presentasjon.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Linjal, kalkulator.
Meir om hjelpemiddel