HI101 Historie 500-1500. Innføring i norsk og internasjonal historie
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei oversikt over sentrale trekk ved den historiske utviklinga i Europa i perioden frå ca. 500 til ca. 1500. Emnet gir såleis eit oversyn over ulike politiske, økonomiske, teknologiske, religiøse og kulturelle endringar frå seinantikken til reformasjonen. Sentrale stikkord for emnet er krig og fred, politisk kultur og statsutvikling, religion og kommunikasjon, økonomi og samfunn. Innafor den politiske sfæren ligg vekta på utviklinga frå Romarrikets samanbrot i Vest-Europa til framveksten av ei rekkje nasjonale kongedøme i høg- og seinmellomalderen, t.d. i England, Frankrike, Noreg, Sverige og Danmark. Frå eit kulturelt og religiøs perspektiv er fokus på korleis dei katolske kjerneområda på kontinentet gjekk frå ein krisetid på 800- og 900-talet, til at den vestlege kristenheita ekspanderte etter år 1000 i nord og aust, t.d. i Skandinavia, Sentral- og Aust-Europa. Her vil det òg vere naturleg å sjå på kontakten mellom den vestlege kristenheita og dei to nærliggande sivilisasjonane, nemleg den austlege kristenheita (Bysants) og den islamske verda. Her vert særleg pavekyrkja, investiturstrid, krosstog, kristning- og statsdanningsprosessar sentrale stikkord. Innanfor samfunn, teknologi og økonomi er sentrale tema føydale strukturar, handelsnettverk, militær utvikling, demografi, epidemiar, klima og miljø.
Læringsutbytte
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ....
- har brei realhistorisk kunnskap om utviklinga i Europa frå omkring 500 til 1500
- ha kjennskap til sentrale tema i eldre norsk historie, frå vikingtid, via kristning og rikssamling i tidleg- og høgmellomalder, til dei nordiske unionane i seinmellomalderen
- har kjennskap til ulike faglege perspektiv på perioden
- har inngåande kjennskap til endringsprosessar i samfunnet over korte og lange tidsspenn
- har kunnskap om økonomisk, vitskapleg og teknologisk utvikling, og om sosiale og kulturelle endringar over tid
- Kunne gjere greie for sentrale likskapar og ulikskapar mellom den vestlege kristneheita, den austlege kristenheita og den islamske verda i perioden
- kan gjere greie for den politiske, militære og administrative utviklinga i perioden
- kan gjere greie for utviklinga innan jordbruk, handel, samfunn og religion i perioden
- kan forklare korleis naturressursar og teknologisk utvikling har vore med på å forme førmoderne samfunn
Ferdigheiter
Studenten ...
- kan finne fram, vurdere og gjere nytte av historiske kjelder og relevant litteratur på ein kritisk og medviten måte
- kan anvende, problematisere og reflektere over sentrale fagomgrep som brot og kontinuitet i historie
- kjenner til korleis historikarar nyttar ulike modellar og omgrep for å forstå og forklare kvifor samfunn utvikla seg ulikt
Generell kompetanse
Studenten..
- kan skrive tekstar om historiefaglege tema etter definerte vitskaplege kriterium basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
- kan formidle sentralt historisk fagstoff i diskusjonar og presentasjonar
- kan argumentere rasjonelt og logisk, i samsvar med vitskaplege kriterium
- kan tenkje kritisk, langsiktig og heilskapleg
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Campusstudentar: Sjølvstudium, førelesingar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.
Nettstudentar: Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Innlevering av skisseutkast av semesteroppgåve. Skissa skal innehalde problemstilling, referansar og litteraturliste.
Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.
Vurderingsform
Det er to deleksamenar på emnet:
1) Semesteroppgåve, individuell, (80% av endeleg karakter). Oppgåva skal vere på mellom 2500 og 3000 ord. Ved ikkje greidd kan semesteroppgåva leverast på nytt i redigert form påfølgjande semester.
2) Heimeeksamen, individuell, 2 timar (20% av endeleg karakter).
Båe eksamenar må vere greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd, bli tatt som ny eksamen.
Karakterskala A-F der F svarar til ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel