HI103 Historie 1800-1930. Innføring i norsk og internasjonal historie
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet byrjar med dei varierande statssystema i Europa og det globale økonomiske systemet som hadde Europa som sentrum. Framveksten av ein moderne norsk nasjonalstat vil bli nytta som inngang for å forstå ei generell utvikling i den vestlege verda med nasjonsbygging og demokratisering. Dette skjedde i mange samfunn i perioden parallelt med industrialisering, urbanisering og migrasjon som stod sentralt i djuptgripande moderniseringsprosessar i samfunnet. Dette var ein prosess som både hadde økonomiske, politiske, sosiale og kulturelle sider. Det imperialistiske verdssystemet nådde høgdepunktet og braut saman mot slutten av perioden, som blir avrunda med krisene i mellomkrigstida.
Læringsutbytte
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten..
- har brei realhistorisk kunnskap om sentrale hendingar, samfunnsstrukturar, idear og prosessar i norsk, europeisk og global historie frå 1800 til 1930
- kan gjere greie for industrialiseringa og urbaniseringa i perioden
- kan gjere greie for framveksten av folkestyre og folkesuverenitet
- kan forklare sentrale omgrep som nasjonalisme og imperialisme og gjere greie for den europeiske dominansen
- har kunnskap om slaveri, liveigenskap og personleg fridom
- har kunnskap om dei store vitskaplege gjennombrota frå Darwin til Einstein
- kan gjere greie for utbygging av infrastruktur, globale handelssystem og gjennombrotet for massemedia
- har kjennskap til ulike faglege perspektiv på perioden
- har inngåande kjennskap til endringsprosessar i samfunnet over korte og lange tidsspenn
- kan forklare korleis naturressursar og teknologisk utvikling har vore med på å forme moderne samfunn
Ferdigheiter
Studenten …
- kan finne fram, vurdere og gjere seg nytte av historiske kjelder og relevant litteratur på ein kritisk og medviten måte
- kan anvende, problematisere og reflektere over sentrale fagomgrep som brot og kontinuitet i historie
- kjenner til korleis historikarar nyttar ulike modellar og omgrep for å forstå og forklare kvifor samfunn utvikla seg ulikt
Generell kompetanse
Studenten …
- kan skrive tekstar om historiefaglege tema etter definerte vitskaplege kriterium basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
- kan formidle sentralt historisk fagstoff i diskusjonar og presentasjonar
- kan argumentere rasjonelt og logisk, i samsvar med vitskaplege kriterium
- kan tenkje kritisk, langsiktig og heilskapleg
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Campusstudentar: Sjølvstudium, førelesingar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.
Nettstudentar: Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
1) Studenten skal skrive ei oppgåve med tilbod om rettleiing eller ha ein munnleg presentasjon.
2) Fleirvalstest (multiple choice) i heile pensum eller ein nærare definert del av pensum.
Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.
Vurderingsform
Heimeeksamen, individuell (5 timar).
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel