Hopp til innhald

HYD801 Hydrogenteknologi I

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Konkrete tema som dette kurset vil ta for seg:

Grunnleggjande om hydrogen:

Ein grunnleggjande definisjon på kva ein gass er, og spesielle eigenskapar til gassar.  Det vil deretter bli gitt ein innføring i hydrogenets eigenskapar, og kva former den kan ha (væske, gass).

  • Hydrogenproduksjon:

Hydrogen kan produserast på fleire måtar. Desse vert gjennomgått og vurdert mot kvarandre med tanke på miljø, kostnadar og berekraft.

  • Hydrogenlagring:

Lagring av hydrogen kan gjerast på mange måtar. Dei ulike måtane blir skildra, og vurdert opp mot kvarandre utifrå eit teknologisk og tryggleiks-perspektiv.

  • Bruk av hydrogen:

Temaet går inn på kva som er så "spesielt" med hydrogen. Det vil bli gjennomgått ulike mål for energitettleik, og diskusjonar kring ulike formar for energi og korleis hydrogen kan samanliknast med desse

  • Bruk av hydrogen i maritim sektor og på land:

Hydrogen kan endrast til energi på mange måtar. Desse vil bli skildra med døme som brenselceller, motorar og turbinar. Det er ulike utfordringar knytt til bruk i maritim sektor, og desse vil bli gjennomgått. Korleis hydrogen ver nytta i industrielle prosessar og til å gje energi på land vil bli gjennomgått.

  • Helse, miljø og tryggleik knytt til arbeid med hydrogen:

Sidan det er store farar knytt til bruk av hydrogen, er det å kunna arbeide med hydrogen på ein sikker måte ekstremt viktig. Generell sikkerhet rundt hydrogen vil bli gjennomgått, og meir avanserte døme vil bli diskutert.  Praktiske døme på hydrogenbrannar og -eksplosjonar vert nytta for å få betre innsikt i korleis ulykker kan verte unngått.

Læringsutbytte

Ved fullført emne har studenten følgande kvalifikasjonar:

Kunnskapar

Studenten…

  • har brei kunnskap om hydrogen, som spenner frå hydrogenets eigenskapar til produksjon, lagring, bruk og tryggleik.
  • Ha kunnskap om bruk av hydrogen i maritim sektor og på land.
  • kjenner til korleis hydrogen vert nytta i samfunnet i dag. 

Ferdigheiter 

Studenten…

  • kan vurdera hydrogen som energiberar mot alternative løysingar i energiprosjekt
  • kan vurdera tryggleik i hydrogenprosjekt
  • kunne vurdere bruk av hydrogen i maritim sektor
  • kunne vurdere bruk av hydrogen på land og i industri

Generell kompetanse

Studenten…

  • kan bidra i utvikling av hydrogenprosjekt, og delta i faglege diskusjonar kring hydrogenteknologi.kan bidra til å auke tryggleiken innan hydrogenteknologi på arbeidsplassen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kjennskap til grunnleggande matematikk, fysikk og kjemi.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil vere digital. Det vil vere  forelesningar på ettermiddagstid, der studentane kan stille spørsmål og få svar direkte. Bruk av digitale breakoutrooms for gruppediskusjonar. Mellom undervisningsbolkane vil det vere sjølvstudium, arbeid med øvingsoppgåver og kollokviearbeid i grupper. I tillegg vil det vere interaksjon i felles forum på digital læringsplattform.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det vil bli gitt fem prøver med fleirvalsoppgåver knytt til kvart tema. Desse kan gjennomførast så mange gonger ein vil, med nokre tidsavgrensingar. 

Alle fem må vere bestått med 100 % for å kunne gå opp til eksamen/få godkjent kursbevis. 

Tidsfristar vert satt ved kursstart.

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 30 minuttar, gjennomført digitalt via videomøte. Kandidaten må ha kamera på under heile eksaminasjonen.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen.

Meir om hjelpemiddel