ID3-207 Friluftslivspedagogikk
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet er delt inn i tre delar:
- Barn og uteskule
- Friluftslivsvegleiing
- Gruppe og sikkerheit
Barn og uteskule omhandlar relasjonar mellom barn og natur, læreplanar i skuleverket og korleis ein integrerer ulike skulefag i friluftsliv.
Friluftslivsvegleiing omhandlar vegleiarrolla, læring og leiing gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av turar i natur med ulike grupper.
Gruppe og sikkerheit omhandlar gruppeprosessar, risikovurdering (HMS) og sikkerheit knytt til vegleiing i natur.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om natumiljøet som arena for uteskule med grunnlag i læreplanverka
- har kunnskap om barns friluftsliv og naturens betydning for barns utvikling og leik
- har kunnskap om planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetar i naturen for ulike grupper
- har kunnskap om pedagogisk teori og didaktiske modellar relatert til friluftsliv
- har kunnskap om gruppedynamikk og helse miljø og sikkeheit (HMS) knytt til vegleiing i friluftsliv
- har kunnskap om skriving av fagtekstar og beherskar gjeldande normer for akademisk arbeid
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere aktivitetar i naturen for ulike grupper
- kan bruke natumiljøet som arena for uteskule med grunnlag i læreplanverka
- kan redegjøre for barns friluftsliv og naturens betydning for barns utvikling og leik
- kan nytte pedagogisk teori og didaktiske modellar relatert til vegleiing i friluftsliv
- kan redegjøre for gruppedynamikk og helse miljø og sikkehet (HMS) knytt til vegleiinig i friluftsliv
- kan skrive fagtekstar og beherske gjeldande normer for akademisk arbeid
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og reflektere over pedagogisk praksis for ulike grupper i friluftsliv
Krav til forkunnskapar
Fullført 1.år bachelor idrett eller anna relevant utdanning.
Tilrådde forkunnskapar
Vere førebudd på overnatting ute og kunne bere eget utstyr på ekskursjonar.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, studentpresentasjonar, ekskursjonar og praktiske øvingar for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Lærestoffet skal så langt som råd bli integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Fagblogg blir brukt i samband med ekskursjonar.
Ekskursjonar:
- Uteskule i felt, to - tre dagar
- Eigenferd, tre dagar (ansvar B3 studentar)
- Friluftsliv i skogen, to dagar med vegleiar, tre dagar på eigenhand
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om uteskule som arena for å jobbe med læreplanverka, didaktiske modellar relatert til friluftsliv og skriving av fagtekstar.
- Godkjent planlegging, gjennomføring og evaluering av ekskursjonar
- Tre godkjente fagblogginnlegg
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
Individuell mappeeksamen som består at tre skriftelege arbeid knytt til dei tre tema:
- Barn og uteskule
- Friluftslivsvegleiing
- Gruppe og sikkerheit
Studentane får tilbakemelding på arbeida undervegs i emnet og arbeida forventast vere revidert etter tilbakemeldingane før innlevering av vurderingsmappa.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Ved ny eksamen skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen påfølgjande semester.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel