Hopp til innhald

ID3-209 Friluftsliv, kultur og samfunn

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Studenten skal lære om friluftslivets historie og korleis det har utvikla seg som kulturelt fenomen fram til i dag. Friluftslivets mangfald, moglegheiter og betydning i dagens samfunn vil vere sentrale. Vidare vil naturfilosofiske perspektiv på menneske og natur utfordre studentane til kritisk tenking. Forvaltning av norsk natur og friluftsliv vil vere viktig når studentane skal forholde seg til naturområder, moglegheiter, plikter og eventuelle forvaltningsmessige utfordringar.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskap om friluftslivet som eit kulturelt fenomen
  • har kunnskap om friluftslivets historiske framvekst og posisjon i Norge
  • har kunnskap om friluftslova, allemannsretten og andre relevante lovverk knytt til friluftsliv
  • har kjennskap til ulike forvaltningsorgan knytt til friluftsliv

Ferdigheiter

Studenten 

  • kan reflektere om friluftslivets rolle og betydning i dag
  • kan drøfte filosofiske perspektiv knytt til forholdet mellom menneske, natur og friluftsliv
  • kan drøfte ulike interessekonfliktar knytt til bruk av naturområder

Generell kompetanse

Studenten 

  • har evne til filosofisk refleksjon og kritisk tenking rundt korleis naturen vert nytta

Krav til forkunnskapar

Fullført 1.år bachelor idrett eller anna relevant utdanning.

Tilrådde forkunnskapar

Vere førebudd på overnatting ute og kunne bere eige utstyr på ekskursjonar.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, studentpresentasjonar, ekskursjonar og praktiske øvingar for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Lærestoffet skal så langt som råd bli integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Fagblogg blir brukt i samband med ekskursjonar.

Ekskursjonar:

  • To - tre enkeltdagar 

Obligatorisk læringsaktivitet

For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om drøfting knytt til filosofiske perspektiv rundt forholdet mellom menneske, natur og friluftsliv, og drøfting knytt til ulike interessekonfliktar ved bruk av naturområder.

  • To godkjente arbeidskrav i kultur og samfunn
  • Et godkjent arbeidskrav i naturfilosofi
  • Et godkjent arbeidskrav i forvaltning
  • Tre godkjente fagblogginnlegg
  • Godkjent deltaking ekskursjonar i filosofi og forvaltning 

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatoriske arbeidskrav.

Vurderingsform

Vurderinga i emnet består av to eksamenar. Begge eksamenane må vere bestått.

Individuell skriftleg eksamen, gradert karakter (A-F) Tid: Tre timar. Vekting 40%.

Skriftleg heimeksamen, gradert karakter (A-F). Tid: Fem dagar. Vekting 60%.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatt på individuell skriftleg eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt på skriftleg heimeksamen

Meir om hjelpemiddel