Hopp til innhald

ID3-311 Fordjuping Friluftsliv og psykisk helse

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Studentane skal gjennom praktisk og teoretisk innføring i pedagogisk arbeid med ulike brukargrupper innan psykisk helse kunne legge til rette for friluftsliv og friluftslivsaktivitetar. Sentralt i emnet er forsking og refleksjonar som belyser kvifor og korleis friluftsliv kan nyttast som førebygging, behandling og som kjelde til økt livskvalitet for ulike menneske.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskap om vitenskapelege studiar som har vurdert friluftsliv og friluftslivsaktivitetar som førebygging, behandling og som kjelde til økt livskvalitet for ulike menneske.
  • har kunnskap om naturen og naturopplevinga si betyding og naturverdiar i eit helseperspektiv
  • har kjennskap til friluftsliv i eit helseperspektiv i høve brukarar med ulike psykiske lidingar, t.d. depresjon, angst, rusmisbrukarar, kriminalomsorg og ungdom med åtferdsproblem

Ferdigheiter

Studenten 

  • har ferdigheiter til utøving av friluftsliv i nærmiljøet
  • har ferdigheiter til å kunne planlegge og organisere aktivitetar i friluftsliv for personar og grupper innanfor psykisk helsearbeid

Generell kompetanse

Studenten 

  • skal kunne reflektere om kvifor og korleis friluftsliv kan nyttast som terapi, rekreasjon, læring og/eller danning blant ulike brukargrupper

Krav til forkunnskapar

Fullført 60 studiepoeng idrett, natur- og opplevingsbasert reiseliv, barnevernspedagog, vernepleiarar, sjukepleiar eller anna relevant utdanning.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformer i emnet er ei blanding av førelesingar, individuelle oppgåver, gruppearbeid og praktisk undervisning. Teoretisk lærestoff blir integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Deltaking føreset at studenten er førebudd med omsyn til tuplanlegging, teoretisk pensum og nødvendig utstyr.

Ekskursjoner:

  • 3 dagsturar vinter
  • Vårtur med to overnattingar (evt. 2 dagsturar)

Obligatorisk læringsaktivitet

For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. 

  • Arbeidskrav 1: Sammendrag  og presentasjon av artikkel. Arbeidskravet er knytt opp til læringsmålet at studentane skal ha kunnskap om vitenskapelege studiar som har vurdert friluftsliv og friluftslivsaktivitetar som førebygging, behandling og som kjelde til økt livskvalitet for ulike menneske.
  • Arbeidskrav 2: Turplan, turgjennomføring og turlogg er knytt til læringsmål at studentane skal vise ferdigheiter i å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere aktivitetar i friluftsliv for seg sjølv og andre.
  • Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studentene i undervisning med eksterne forelesere frå praksisfeltet knytt til læringsmål at studentane skal få kunnskap om reflektere rundt korleis og kvifor friluftsliv kan nyttast som terapi, rekreasjon, læring og/eller danning blant ulike brukargrupper.

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Vurderingsform

Individuell mappeeksamen som består av to skriftlege arbeid knytta til teoretisk og praktisk undervisning som studentane får tilbakemelding på undervegs i emnet.

Arbeida forventas vere revidert etter tilbakemeldingane før innlevering av vurderingsmappa.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ved ikkje bestått mappe, skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen i påfølgjande semester.

Ny eksamen kan være heimeeksamen dersom mappevurdering ikkje er gjennomførbart.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel